Lokal | 25. okt. 2011

Tungt prøvefiske

Jan Rotnes fekk ein rugg av ein oppdrettslaks på kroken i Oselvo.

Tungt prøvefiske
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 25. okt. 2011 19:29

Torsdag 15. september var årets sesong i Oselvo over. Trass i kort sesong og mykje tørke midt i sesongen blei det tatt nesten dobbelt så mykje laks som i fjor. Og 2010 var dobbelt så bra som 2009.

Les òg: Kort, men god sesong

Innspurten blei fantastisk med mykje vatn og mykje stor fisk på land. Årets nest største fisk blei tatt siste dag med fiske.

Les òg: - Glimtet er tilbake

Men frå 15. september startar kontrollfisket. Fram til 30. november held fire fiskarar opppsyn med elva ved å fiska jamleg, ta prøvar og fjerna oppdrettsfisk.

Tok fem på land

I sesongen blei det stort sett tatt villfisk, men no i haust har det vore nokre store oppdrettslaksar på veg opp.

– Det kom ein stim tidlegare i oktober, men vi fekk fleire på land og har ikkje sett nokre etterpå, så det er ikkje snakk om nokre tiltak enno, seier Jan Rotnes.

Fleire store

Den eine dagen drog han på land fem oppdrettsfisk, den største var på 9,7 kilo, 600 gram tyngre enn sesongens største villfisk.

– Når elva er så stor, og du ikkje kan følgja laksen nedover langs elva, blir det ekstra tungt. Men eg fekk god hjelp av Svein Hansen, som også driv kontrollfiske, seier Jan.

Han fekk også ein større fisk på kroken, men den fekk han ikkje på land.

– Eg rykte den i hjellene, så den er nok daud og rydda ut av elva likevel, det er det viktigaste.

Bilda er tatt av Ole Vidar Søviknes, som på prohd.no følgjer både fisket og prøvefisket tett.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.