Fritid | 08. apr. 2022

Turorientering i påsken? No kan du få opplæring

Har 71 postar i områda Halhjem, Lunde, Kuhnle, Moberg og Bjånes.

Turorientering i påsken? No kan du få opplæring
Sprekingen Sverre har sjekka ein orange turorienteringsstolpe på Ferstad.
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 08. apr. 2022 10:31

Os Orienteringsklubbs turorientering er klar til påske.

Nytt av året er tilbod om opplæring tre laurdagar i vår. Då vil representanter frå klubben gi kort opplæring ved behov, og slå følgje rundt på nokre av årets turorienteringspostar.

Opplæring og følge er desse dagane/stadane:
Laurdag 9/4 kl 12 frå turparkeringsplassen på Bjånes/Moldaneset
Laurdag 23/4 kl 11 frå Kiwi Moberg
Laurdag 30/4 kl 12 frå parkeringsplassen nord-aust for Lunde barneskule

– Vi håpar på fint vêr i påsken, sånn at folk kan koma seg ut og få fine turopplevingar i nærmiljøet, seier ny leiar i Os Orienteringsklubb sin tur-0 komite, Anita Lindvik-Sævareid.

Ho fortel at det er lagt ut til saman 71 postar i områda Halhjem, Lunde, Kuhnle/Moberg og Bjånes.

Turorienteringsleiar Anita Lindvik-Sævareid sjekkar turorienteringspostar i sola på Bjånes.
Turorienteringsleiar Anita Lindvik-Sævareid sjekkar turorienteringspostar i sola på Bjånes.

Klubben har laga turforslag på både veg og sti for både nybyrjarar og dei som har prøvd orientering før, men som føler seg litt rustne.

– Turorientering er turvarianten av orientering, der du skal ta ut vegval og finna postmarkeringer i terrenget ved hjelp av kart og kompass, legg leiar i Os Orienteringsklubb, Steinar Danielsen til.

Postane i skogen er tradisjonelle kvite og oransje flagg, nær bustadar er det oransje stolpar og i urbane strøk virtuelle postar med fotografi som skal gjenkjennast.

– Det er ein morosam leik for barn i alle aldrar. Postane kan du ta i det tempoet du ønskjer, den rekkefølgja du ønskjer og akkurat kor mange du vil.

Det er blant anna tre grøne turar som er både gratis, lette og vegleiande for nybyrjarar. Dei eignar seg òg for rullestol, barnevogn og sykkel.

Kart kan lastast ned både på turorientering.no og i appen Turorientering, som begge er pussa opp til sesongstart.

I tillegg kan papirkart kjøpast hos Falk Sport på AMFI Os og Jernia Sælen på Osøyro.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.