Festivalar | 10. mai 2021

Tysnesfest er avlyst

Tysnesfest skal ikkje vera ein festival oppdelt i kohortar der ein må sprita hender og halda avstand.

Tysnesfest er avlyst
Tysnesfest avlyser - for andre år på rad - grunna koronapandemien. (Pressefoto: Tysnesfest)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 10. mai 2021 10:11

– Me er utruleg lei oss, men me kjem endå sterkare tilbake i 2022, skriv dagleg leiar Øystein Vaage i ei pressemelding i dag.

Igjen har kornapandemien sett ein stoppar for Tysnesfest.

– Med reglane som blir gjeldande for sommaren ser me ingen annan utveg enn å avlysa Tysnesfest 2021. Me har lenge skjønt at det kom til å bli utfordrande, men dei reglane som blir gjeldande i juli er ikkje foreinleg med verken festivalkonsertar, festivalcamp eller festivalhamn.

– Tysnesfest skal ikkje vera ein festival oppdelt i kohortar der ein må sprita hender og halda avstand.

– Tysnesfest er sol og sommar, med ei festivalstemning der ein står skulder til skulder og syng for full hals blant tusenvis av andre glade tysnesfestarar.

– Me kjem likevel til å laga ein minivariant av festivalen, og kjem tilbake med informasjon om artistar og billettsal ganske snart, så følg med!

Har starta booking til 2022

Sjølv om arrangørane ser det som uendeleg vondt å måtta avlysa, er det på mange måtar ei lette å få ei avklaring.

– Det gjer og at me kan løfta blikket og planlegga ein heidundrandes festival 6. – 10. juli 2022! Då skal me verkeleg visa at me er oppe på hesten igjen, og det er duka for tidenes beste festival! Booking-prosessen er allereie starta!

Har du kjøpt billett til Tysnesfest 2021?

– Billett til Tysnesfest 2021 vil gjelda som billett til Tysnesfest 2022. Både billett til konsertar og overnatting vil gjelda i 2022, fortel Vaage.

– Om du ynskjer refundering får du sjølvsagt det. Informasjon om dette går ut til billettkjøparar innan kort tid, legg han til.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.