Festivalar | 14. des. 2022

Tysnesfest slepp fire namn

Ein av dei skal også spela på Såto.

Julie Bergan gjorde inntrykk under Tysnesfest 2019. Neste år kjem ho tilbake. (Pressefoto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 14. des. 2022 11:55

Årets Tysnesfest hadde svake besøkstal i svært dårleg vêr, men førebuingane til neste sommar går for fullt.

Tysnesfest 2023 går av stabelen 12. til 16. juli. Frå før er Astrid S booka, i natt sleppte festivalen yttarlegare fire namn.

– Me følgjer opp med ein variert og strålande bukett med artistar som kjem til å sørge for fantastisk stemning på Tysnes til sommaren, seier festivalsjef Øystein Vaage i ei pressemelding.

Odd Nordstoga, Julie Bergan, Ka2, Den BB saman med Kevin Lauren er klare for Tysnesfest 2023.

Nordstoga skal også spela på Tysnessåto.

Odd Nordstoga. (Foto: Esben Kamstrup)

– Såto-konserten har blitt ein kjær tradisjon på Tysnesfest. Til neste år er byggjetrinn 1 i Sherpa-stien opp til Såto ferdigstilt, og det vil kunna trekka endå fleire opp dei 753 høgdemeterane til toppen, seier Vaage.

Han gler seg også til å høyra fleire av dei noko ferskare artistane.

Bildeserie:

Kevin Lauren. (Pressefoto)
Ka2. (Foto: Synne Boenes)
Den BB. (Pressefoto)
Kevin Lauren. (Pressefoto)
Ka2. (Foto: Synne Boenes)
1 av 3
Ka2. (Foto: Synne Boenes)
Den BB. (Pressefoto)
Kevin Lauren. (Pressefoto)

– Ka2 sine ekstravagante, fargerike shows med psykedeliske element har gjort bergensduoen til det-du-må-sjå når det gjeld kule konsertar.

– Den BB ein av Noreg sin største norskspråklige artistar med over 200 millionar strøymingar. Dei «rullær» rundt med eit spektakulært show saman med det nye rap-fenomenet Kevin Lauren. Dei vil garantert vil setja fyr i Tysnesfest-publikummet når dei avsluttar festivalen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.