Politi | 09. apr. 2021

Ung bilførar mistenkt for køyring i rus

Stoppa på Nore Neset i morgontimane.

Ung bilførar mistenkt for køyring i rus
Guten blei stoppa på Skeisflaten i 05-tida natt til fredag. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 09. apr. 2021 07:23

I 05-tida fredag morgon blei ein bil stoppa på Nore Neset.

Politipatruljen reagerte på bilførar, og sjekka han for rus.

– Test gav utslag, vi mistenker hasjrus, seier politioverbetjent Atle Birkeland.

Bilførar, ein gut i slutten av tenåra, blei tatt med til legevakt for blodprøve. Det er tatt beslag i førarkortet og oppretta sak.

Uvisst kva dekk dei hadde

På morgonen torsdag tok UP ni fartssyndarar på éin time på Lepsøyvegen.

Torsdag ettermiddag var det regn i låglandet, men snø på Fanafjellet og i «innlandet» i Åsenog Lysefjorden.

Det skapte vanskar for fleire trafikantar. På Fanfjellet var det utforkøyring med både varebil og buss, og det blei full stopp i ettermiddagsrushet.

Denne hamna utfor Lyseklostervegen i går. (Lesarbilde, foto: Ronny Nordvik)
Denne hamna utfor Lyseklostervegen i går. (Lesarbilde, foto: Ronny Nordvik)

– I tillegg fekk vi melding om problem i Langedalen og ein bil som glei utfor ved Lysekloster-ruinane.

– Vi har ikkje fått rapport om personskade, og var heller ikkje ute på desse uhella.

Det er heller ikkje kontrollertom bilane var godt nok skodd.

– Omlegging til sommardekk er jo ein typisk påskeaktivitet, men litt for tidleg med det vêret vi fekk.

Også i Langedalen blei det vanskar i trafikken torsdag ettermiddag. (Lesarbilde, foto: Sjur Lepsøy)
Også i Langedalen blei det vanskar i trafikken torsdag ettermiddag. (Lesarbilde, foto: Sjur Lepsøy)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.