Politi | 12. sep. 2022

Ung kvinne fekk 6.000 kroner i forelegg

Trassa forbodsskilt i Brugata.

Ung kvinne fekk 6.000 kroner i forelegg
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 12. sep. 2022 07:58

Klokka 02.20 natt til fredagobserverte politiet ein bilist som svingte til venstre ut Brugata på Hatvikvegen.

Brugata er skilta med forbod mot venstresving.

– Bilførar, ei kvinne på rundt 20 år, fekk 6.000 kroner i forelegg, opplyser politioverbetjent Anne Lyssand.

Fredag formiddag rundt klokka 09.45 kontrollerte politiet ein lastebil som kom med ferje frå Sandvikvåg.

Det var mistanke om overvekt, men alt var i orden og lastebilen fekk køyra vidare.

Laurdag i 13-tida blei ein bil observert mens den køyrde vinglete. Bilførar skal ha tasta på mobiltelefonen mens han køyrde.

Men bilen blei vekke for politiet, dermed blei det heller ingen å dela ut forelegg til.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.