Lokal | 07. apr. 2015

Ung Lørdag tar form

Om 11 dagar er det start for den nye ungdomsklubben i Os. Klubben har fått namn og logo, men det går mot ein hektisk innspurt for arrangørane.

Ung Lørdag tar form
F.v.: Vidar B. Mæland tok imot Christoffer, Thomas André, konferansier Andrea og Sigve til idémyldring før påske. Logo innfelt. (Foto/ill: Kjetil Vasby Bruarøy/Rikke Løvaas)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 07. apr. 2015 09:46

Laurdag 18. april opnar ungdomsklubben Ung Lørdag (UL) dørene i gymsalen til Os barneskule.

Klubben har vore under planlegging gjennom vinteren, og i februar gjekk initiativtakarane ut med informasjon om namnekonkurranse.

– Vi fekk inn mange gode forslag og landa på eit som kom frå ein internt i gruppa, Thomas André Dahl, fortel politibetjent og medlem i arrangørgruppa, Anne Lyssand.

Ein annan av ungdomane i styret, Anna Størksen Parnefält, fekk ei venninne på skulen, Rikke Løvaas, til å teikna logoen.

Natteravner, transport og frivillige vaktar

Ung Lørdag bruker gymnastikksalen til Os barneskule som klubblokale. Grunna grunnlovsfeiring og langhelg blir det ikkje klubb 16. eller 23. mai, men elles er det aktivitet i gymsalen kvar laurdag frå opningsfesten 18. april til og med siste klubbkveld før sommarferien, 6. juni.

Klubben gjeld for ungdom i heile kommunen og det blir ordna med heimtransport til krinsane når klubben stenger. Foreldreutvalet ved Os ungdomsskule har engasjert seg for å skaffa frivillige vaksne til å vera med som vakt heile eller delar av ein eller fleire klubbkveldar.

– Det er rundt 450 elevar på skulen, men av rundt 900 foreldre er det førebels berre 10 som har meldt seg. Vi har vaktar til dei to første klubbkveldane, men eg håper og reknar med at fleire melder seg, seier FAU-leiar Veronika Wilhelsen.

Natteravnene i Os vil tilpassa vaktene sine sånn at dei har ravner ute rundt skulen og i sentrum mens klubben er open og etter stengetid.

Sport, dans, servering og avslapping

Den doble gymsalen har skiljevegg og arrangørane vil dela inn salen så det blir ein arena for både sport, dans og musikk, servering og «chilling» i sitjegrupper eller på matter, i salen og på scenen.

Det blir også lagt opp til spel som bordtennis og playstation. Om det blir gratis wifi i salen til opningsfesten er førebels uklart.

Kiosk blir i tilknyting til kjøkkenet med opning inn mot gymsalen.

– Vi held på å sjå på dette med inndeling, at vi unngår ballspel nær musikkanlegget, og andre praktiske omsyn vi må ta, seier eldsjel og initiativtakar Øyvind Hægland.

Førebur opningsfest

Ungdomane i styret fortel om positiv interesse for Ung Lørdag blant medelevar.

– Det har vore ein del spørsmål om kor tid vi kjem i gang og kva klubben skal innehalda, fortel Sigve Søfteland og Christoffer Søfteland frå Os vgs.

Nils Midtseter stiller opp med lydanlegg til opningsfesten og nokre av ungdomane går med planar om å laga ein opningsfilm. Måndag før påske var dei i manusmøte med kunstnar, forfattar og tidlegare filmfestivalarrangør Vidar Bratlund Mæland i Solbakkestova.

– Dei trur dei har det travelt, men eg har vore med på meir hektiske produksjonar enn dette, humrar Vidar, som med tøysedansebandet Frode Vidars i 2008 gjekk frå ein vill idé til ferdigprodusert singel på fire dagar.

Om det blir ferdig manus og fullført videoproduksjon i innspurten til opningsfesten for Ung Lørdag gjenstår å sjå.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.