Politi | 13. aug. 2021

Ung mann funnen rusa i vegbanen

Henta i 17.30-tida og køyrd i arresten.

Ung mann funnen rusa i vegbanen
Politiet rykte i går ut til Byvegen, der ein rusa mann låg i vegbanen. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 13. aug. 2021 07:42

Torsdag klokka 17.26 fekk politiet melding om ein mann som låg i vegbanen i Byvegen.

– Vedkomande framsto somsvært rusa. Vi køyrde han til legevakt. Der blei han vurdert som for frisk til at helsevesenet skulle ta den vidare oppfølginga, fortel fungerande lensmann Anne Lyssand.

Mannen, som er i starten på 20-åra, har adresse i ein annan kommune. Då han ikkje hadde ein stad i Os å kvila seg, men var ute av stand til å ta hand om seg sjølv, blei han køyrd til arresten i Bergen.

Fann narkotika i bustad

I løpet av torsdagen fann politiet narkotika i ein bustad i Os.

Patruljen var der i utgangspunktet i eit anna ærend. No er det oppretta sak, ein mann fødd i 1971 er mistenkt for oppbevaringa.

Politibåten besøkte Øyane og Os

Politietbåten Kjølen var på tokt i Os-skjergarden i går ettermiddag og tidleg kveld.

– Dei kontrollerte mange båtførarar i Øyane og nokre få som var i Os hamn.

– Dei fann ingenting å reagera på, og det synest eg er bra, seier Lyssand.

Øving og lause kyr

Frå 9.20-tida i går hadde Bjørnafjorden brann og redning øving på AMFI Os. Dei brukte «teater-røyk». Politiet var også på staden.

Torsdag litt over klokka 16 fekk politiet melding om lause kyr som sto i og ved Hegglandsdalsvegen i området rundt Hegglandsdalen barneskule.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.