Politi | 12. jan. 2024

Ungar gjekk på noko som såg ut til å vera utrygg is

Brannvesenet rykte ut for å sjekka forholda og isen.

Ungar gjekk på noko som såg ut til å vera utrygg is
Nær Mobergsbrua har Ulvenvatnet ofte mindre trygg is. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 12. jan. 2024 09:47

Politiet mottok i går ei bekymringsmelding.

I går ettermiddag var det fleire små barn på isen, noko som fekk mannen til å reagera.

Mannen hadde passert Ulvenvatnet og observert små ungar på eit område på Ulvenvatnet som såg utrygt ut.

– Isen blei kontrollert av brannvesenet, opplyser politioverbetjent Anne Lyssand.

Brannvesenet kunne konstantera at isen var farbar på staden.

Det står ikkje spesifisert kvar på Ulvenvatnet ungane var, men brannvesenet og andre som har testa isen, har fleire gongar presisert at områda nær Mobergsbrua har straum og ofte tynnare is.

På Banktjørn måndag kveld møtte vi ein mann som fortalte at han søndag hadde hindra ein utanlandsk småbarnsfamilie å gå nettopp mot brua.

– Vi sto saman på Moberg-sida, brått var dei vekke. Då eg såg at dei var på veg mot brua, gav eg gass etter dei, fortel han.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.