Politikk | 19. des. 2024

Ungdomsrådet talte til kommunestyret

Under møtet i dag fremma Ungdomsrådet ein tale på vegne av ungdommane i Bjørnafjorden kommune.

Ungdomsrådet talte til kommunestyret
Mathilde Nonås og Jonah Askeland Søviknes talte til kommunestyret. Foto: Susann Haukeland Børnes / Midtsiden
Susann Haukeland Børnes
Susann Haukeland Børnestorsdag 19. des. 2024 18:00

Leiar for ungdomsrådet Jonah Søviknes og nestleiar Mathilde Nonås snakka til politikarane.

Dei fremma nokre holdepunkt som dei meiner er det viktigaste blant ungdom.

Ungdata, ein plass å vera, psykisk helse, og bibliotek var nokre av emna ungdommane løfta fram.

Heile innlegget frå ungdomsrådet kan du lesa under.

Kjære Ordførar, Kjære Kommunestyre.

På vegne av Ungdomsrådet i dag skal me fremma da som er viktigast for ungdommar i heile Bjørnafjorden.

Budsjettsaka skapar mykje uro hos Bjørnafjordingane, og for dei unge. Ungdomsrådet veit at kvart einaste nedtrekk for dei svakaste gruppene i samfunnet, laga klump i magen for heile kommunestyret. Men for at me skal kunna bygga opp den relativt nye kommunen vår, er me nøydd å få økonomien på skinner.

Sjølv om me skal gjera store nedtrekk i kommunen er me nøydd å kunna tenka utvikling, for det treng ungdomsmiljøet i Bjørnafjorden at dåke gjer.

Ungdommane er ikkje berre ei gruppa som utgjer framtida, men ei gruppe som og leve i notida. Det er viktig at kommunestyre veit at ei investering i ungdommen i dag, er ei satsing på framtida, for det er tross alt dei som skal leve med konskvensane av dagens vedtak.

Ifølge Ungdata er det lokaltilbudet ungdommen er minst fornøyd med, «eitt lokale der ein kan treffe andre unge». Derfor mener vi at det er viktig å beholde og videreutvikle dei få tilbudene vi har, i tillegg til å ordne nye.

Vi vil derfor løfte frem noen tilbud vi mener må prioriteres i det kommende budsjettet: Åpen hall, Ung Arena og Intro DM.

Ved å tilby åpen hall, skaper vi et inkluderende miljø der alle, uavhengig av økonomisk og sosial bakgrunn kan delta. Mange unge ønsker å vera aktive, men har ikkje råd til dyre medlemskap i treningssentre eller idrettslag. Åpne treningshaller gir rom for leik, trening og sosiale aktiviteter i trygge omgivelser. Dette forebygger både ensomhet og helseproblemer som inaktivitet kan føre til, samtidig som det styrker fellesskapet i lokalsamfunnet. Derfor er Ungdomsrådet svært takknemlig for at politikerne har valgt å støtta tilbodet.

«Ung Arena» er et fristed der ungdom kan møte jevnaldrende, delta i organiserte aktiviteter og oppleve mestring. Her får de muligheten til å bygge sosiale nettverk, få veiledning fra voksne og utforske interesser som musikk, kunst eller gaming. Derfor stiller vi oss svært positiv til at dette tilbudet skal fortsette.

Det er avgjerande at kommunen sammarbeidar med frivillig sektor i tida som kjem oss i møte. Me vil få utfordringa me ikkje kjem til å kunna takla utan dei. Difor meiner me at det er utrulig viktig at kommunen er på tilbudsida når det gjeld lån av sånne ressursterke lokale som Ung Arena og Fjorden Arena slik at ein kan sikra gode tilbud for ungdomsmiljøet.

Psykisk helse er uten tvil eitt veksane problem. Ifølge Ungdata undersøkelsen, kjenner 1 av 5 ungdommer i Bjørnafjorden på psykiske helseplager minst 1 gang i veka. Dette er rundt 250 ungdom. Derfor meiner ungdomsrådet at ein til kommunepsykolog bør prioriteres.

Å etablere lokale for Utekontakten i Os sentrum vil vera med på å styrka utekontakten enormt.

Utekontakten i Bjørnafjorden er utrulig viktig, for dei gjer ungdomsmiljøa tryggare, og dei bidrar til at me får informasjon om kva som rører seg blant ungdommen.

Me har dreve alt for mykje gjettekonkuranse på kva problem som ligg i ungdomsmiljøene, og med utekontakten så kan me lettare løysa og finna ut av problemstillingane.

Utekontakten er eit absolutt lavterskel tilbod for ungdommane, og dei er utrulig viktige støtte- og tillitspersonar som ungdommane ikkje har ellers.

Vi veit at det er vanskelig å forstå koffor ikkje mamma, pappa, lærar, fotballtrenar eller andre ansvarspersona ikkje er trygge nok, men det handlar om at det vanskelig å snakka om ting med folk som har ein viss kontroll over livet ditt.

Utekontakten har ingen forventningar til ungdommane som spør om hjelp og har ingen rolle i ungdommen sitt liv. Det er ein utrulig viktig faktor for at ungdommane skal tørra å spør om hjelp.

Me treng tillitspersonar som er tett på ungdomsmiljøet vårt, og med eit lokale i Os sentrum vil utekontakten vera meir synlige, meir fysiske, og ungdommane vil veta at dei har ein plass 100 prosent trygg plass å gå til.

Ungdomsrådet er tydelig på at det er høgst nødvendig med eit bibliotektilbud på begge sider av fjorden.

Det er svært uheldig at dagens struktur er så dyr som den er, og det er vi nøydd å gjere noko med.

Likevel ser ungdomsrådet spesielt ein utfordring med biblioteket i Eikelandsosen. Åpningstidene er alt for dårlige.

Biblioteket er berre åpent fire dagar i veka. Det innebærer 3 skuledagar og berre ein av desse skuledagane er biblioteket ope etter skuletid.

Om me ynskjer å gjere noko med den aukande problemstillinga blant ungdom si leseevne, så er biblioteket nøydd å være åpent når ungdommane har mulighet til å bruke det.

Det er mange muligheter å utforske som for eksempel ordninga med medeier-kort og meirope bibliotek.

Ungdomsrådet forventer at Bjørnafjorden kommunestyre gjer sitt aller yttarste for å verne de mest sårbare samfunnsgruppene.

Me forventer at dåke i sammarbeid med medverknadsorgana hjelper til med å finne gode, smarte kompenserende tiltak og løsninger for nedtrekkene.

Summen av alle nedtrekk vil uansett få konsekvensar og me er nøydd å hjelpa kvarandre og stå sammen for at Bjørnafjorden fortsatt skal være ein fin, god og trygg plass å bu.

Jonah Askeland Søviknes, Leiar for Ungdomsrådet
Mathilde Nonås, Nestleiar for Ungdomsrådet

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.