Politi | 05. juni 2023

– Eg håper det var eit uhell

– Viss den uheldige melder seg, skal vedkomande bli tatt godt imot.

– Eg håper det var eit uhell
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 05. juni 2023 09:09

Ein gong mellom torsdag kveld og laurdag midt på dagen er eit stort fasadevindauge i ein leilegheit i Os Sjøfront knust.

– Vi var vekkreist. Det var ein nabo som oppdaga det, og ringte oss, fortel huseigar, Per Eide-Olsen.

Han bur på hjørnet nærmast Oseana. Det er ei rute som vender mot lengste del av brygga som er knust.

– Det første som slo meg var at dette truleg var eit uhell med ein ball. Det er jo ein del leik nede på brygga her. Men frå denne delen av brygga får du neppe nok kraft til å skyta ein ball hardt nok. Dessutan låg det ein stein rett nedanfor, ein stein som neppe er funne her, men som nokon må ha hatt med seg.

Naboar kosta glasskora vekk, sidan det ofte er badande som går berrføtt på brygga og folk som går tur med hundar på brygga.

– Sjølv om det per no ser ut som om nokon har hatt med seg ein stein og kasta den på vindauget med vilje, vel eg å tru at dette er eit uhell. Eg kjenner ikkje til at eg har nokre fiendar, og kan ikkje sjå for meg at dette har noko med at eg har vore styreleiar fram til nyleg å gjera.

– Om det er nokon som vil melda seg og fortelja kva som har skjedd, skal dei bli godt tatt imot. Dette blir uansett ei forsikringssak. Samtidig blir det meldt til politiet, og dei ønskjer nok tips, om nokon såg kva som skjedde.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.