Ut av karantene - spelte serieopning for Os 2

Tapte borte for Arna-Bjørnar.

Rune Mo og Anders Havsgård, her i serieopninga med A-laget, sona karantene laurdag og spelte for Os 2 søndag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 25. aug. 2021 08:49

Søndag starta sesongen for Os 2. Serieopninga gjekk på bortebane mot Arna-Bjørnar.

Anders Havsgård sendte Os 2 i føringa i andre speleminutt, men dette blei Os sitt einaste mål i kampen.

Arna-Bjørnar - Os 3-1 (2-1)
Målskårar, Os: Anders Havsgård
Os: Erlend Østgulen Hevrøy - Simon Moberg Søvik, Egil Thuen, Anders Hjelle Havsgård, Thomas Felix Færøvik, Rune Johan Åsheim Mo, Sondre Hopsdal, Leif-Simen Mjånes, Kerem Duvarci, Johannes Lie, Sverre Spangelo Haga.
Innbytarar: Fabian Reiertsen, Niklas Lunde Fosen, Kaspar Klett Døsen, Elias Sørås Hjelle, Marius Østgulen Hevrøy, Henrik Johannessen og Marius Haugland Mikkelsen.

– Eg føler dette var ein kamp vi burde hatt med oss poeng frå, seier trenar Stian Kvåle.

Kvåle overtok hovudansvaret for Os 2 i vinter, etter fleire år med damelaget.

– I staden mista vi litt moment etter ein skade og noko omrokkering på kven som speler kvar.

Han skildrar motstandar som kompakt og svolten på dødballar. Måla imot kom nettopp på dødballar; etter utspark frå 5 meter, frispark og innkast.

– Dei største sjansane våre var Rune Mo sitt stolpeskot og ein ball som blei redda på strek etter corner. Mo skaut også rett utanfør kor tid før 3-1-skåringa til Arna-Bjørnar.

Det har kome nye reglar som seier at du kan spela for andre lag i klubben mens du sonar karantene, men både Rune Mo og Anders Havsgård var uansett ferdig å sona dagen før, etter A-laget sin heimekamp mot Fjøra laurdag.

Mo fekk to kampar karantene etter direkte raudt i noko som såg ut som filming av motstandar i serieopninga mot Ready. Havsgård fekk to gule kort i bortekampen mot Fana i andre runde, noko som gav karantene i éin kamp.

Heimekamp søndag

Kvåle håper Egil Thuen, som måtte ut med smerter i lysken etter 25 minutt, er kampklar til helga.

– Han har aldri vore skadd i lysken før, eg håper dette er noko som forsvinn like kjapt som det kom, seier trenaren.

Det er ti år sidan Thuen, som 16-åring, vann kampar for Os 2 åleine og sju år sidan han kom tilbake frå skule på Karmøy, men då som Søre Neset-spelar.

Os 2 sin første heimekamp går søndag klokka 14.

Då tar dei imot NHHI, som skal ha mønstra eit bra mannskap i år.

Fire små puljer

4. divisjon er delt i fire puljer, kvar på seks lag.

Dei fire vinnarane av puljene kjempar mot kvarandre, to og to (heime og borte), i kamp om to plassar i neste års 3. divisjon.

Taparane rykker ned, dei nest siste må, viss det rykker lag frå Hordaland ned frå 3. divisjon, spela kvalifisering mot dei beste frå 5. divisjon.

– Det er eit tøft program, men vi har ni kampar til å kjempa om poeng i, seier Kvåle.

Os er i pulje med Arna-Bjørnar, Djerv, NHHI, Voss og Lyngbø.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.