Politi | 23. aug. 2021

Utforkøyring i Strøno

Lett MC køyrde av vegen.

Utforkøyring i Strøno
(Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 23. aug. 2021 07:32

I 18-tida laurdag fekk politiet melding om trafikkulykke med lett MC på Strøno.

– MC-førar, ein gut i tenåra, blei lettare skadd, fortel politioverbetjent Christine Grindstein.

Politiet mistenkter at høg fart er årsaka, men det blei ikkje tatt beslag i førarkortet.

I 12-tida søndag blei ein MC-førar i 60-åra stoppa etter å ha køyrd opp Mobergsbakken.

– Patruljen observerte at farten var høg, men hadde inga måling, så MC-førar slapp unna med muntleg åtvaring.

Bilførar innrømte narkobruk - fekk køyra vidare

Fredag i 14-tida blei ein bilist i 30-åra stoppa av UP litt utanfor Os sentrum.

– Spyttprøve gav utslag, og han blei tatt med for blodprøvetaking og avhøyr. Her innrømte han å ha brukt narkotika for nokre dagar sidan.

– Vi mistenker låg påverknadsgrad, og det blei ikkje tatt beslag i førarkortet.

Feil eksos

Natt til søndag blei ein kvinneleg bilførar stoppa i ein bil som gav i overkant mykje lyd frå seg.

– Bilen hadde feil på eksosanlegg, i tillegg hadde den eit ulovleg seinkesett.

Ein annan bilist, ein mann i 20-åra, fekk muntleg åtvaring etter feil bruk av tåke/kurvelys i mørket.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.