Lokal | 04. feb. 2020

Utforkøyring og rotvelt over veg

Årets første snø skapte problem fleire stadar.

Utforkøyring og rotvelt over veg
Sånn såg det ut på Ulven i går ettermiddag. Bilen på bildet er ikkje den som køyrde i autovernet. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 04. feb. 2020 08:29

Måndag ettermiddag byrja snøen å legga seg på vegane i Os.

Ein lastebil hamna i grøfta på Hegglandsdalsvegen, samtidig gjekk ettermiddagstrafikken i rykk og napp over Fanafjellet.

– I 16.30-tida fekk vi melding om utforkøyring på Ulven. Ein bil på veg frå Lysefjorden mot Os køyrde i autovernet litt før porten til Uleven leir, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.

Det va ingen personskade, men bilen var skadd i fronten. Bilførar, ein mann i 50-åra, hadde sjølv kontakta bergingsselskap. Han blei kontrollert av politiet, og var edru.

– Bilen sto heller ikkje til hinder for trafikken før den blei berga.

Det snødde tungt også seinare på kvelden, og Midtsiden-redaksjonen fekk fleire meldingar om vanskelege køyreforhold.

Lastebil sto i vegen for trygg aking

Politiet blei kontakta på ettermiddagen i går, grunna ein lastebil som sto feilparkert i Varåsen.

– Lastebilen sto sånn til at ungar som aka i området måtte ut i bilvegen. Bilførar blei kontakta med beskjed om å parkera ein annan stad.

Tre over vegen i Mobergslio

I natt blei politiet kontakta av ein bilist som fortalte om rotvelta tre over vegen i Mobergslio.

– Meldar har ein liten bil, og kom seg forbi, men sa at andre neppe ville klara å passera. Brannvesenet rykte ut klokka 02.30 for å fjerna treet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.