Politi | 03. des. 2022

Utforkøyring på Moberg i natt

Politiet tok beslag i førarkortet.

Utforkøyring på Moberg i natt
Eit skilt rauk til i utforkøyringa. (Foto: Nicholas Forstrønen Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 03. des. 2022 08:12

I 02:30-tida natt til laurdag fekk politiet melding om ei trafikkulykke på E39 Halhjemsvegen.

– Bilen svingte av E39 på Moberg retning sør, etter Liafjellstunnelen, og skulle over brua på Moberg. Men bilførar klarte ikkje svingen, opplyser vakthavande ved Bjørnafjorden politistasjon.

Eit trafikkskilt blei køyr ned. Det var fire personar i bilen, men ingen blei skadd.

– Bilførar er ein ung mann. Det er ikkje mistanke om køyring i rus, men han er meldt for uaktsam køyring, og det er tatt beslag i førarkortet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.