Næringsliv | 05. juni 2013

Utselt og open, men ikkje ferdig

Os Sjøfront er utselt og den nye brygga er opna. Men i tillegg til forprosjekt på hotelltomta og teikning av nye husvære er det framleis ein del arbeid igjen.

Utselt og open, men ikkje ferdig
No kan du gå på brygga til og frå Oseana og Vikjo. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 05. juni 2013 11:47

Torsdag 16. mai blei den siste av 86 leilegheiter i Os Sjøfront selt.

Os Sjøfront jobbar no med planane for 40 nye hus på tomta nærmast Mobergsbakken og Vognhallen, eit prosjekt som blir lagt ut for sal etter sommarferien.

Tomta nærmast Oseana har Os kommune som kjent kjøpt, i håp om å få ei hotelletablering med konferansesamarbeid knytt til Oseana.

– Vi har halde fram dialogen med, ein dialog som blei trappa opp etter at E39 Svegatjørn-Rådal i april var med i framlegg til NTP, seier ordførar Terje Søviknes.

Lager forprosjekt

Partane har no blitt einige om å laga eit forprosjekt før dei skal forhandla om pris.

– Forprosjektet skal vera ferdig til hausten. Dette skal blant anna seia noko parkering og om samarbeid mellom eit komande hotell og Oseana, og gje eit godt grunnlag for forhandling om pris på tomta og utforming av samarbeidsavtalar.

Får idéskisse til uteareal

Os kommune har også kjøpt Bjørn Moberg si tomt mellom Os Sjøfront og Oseana, ute ved sjøen.

Her skal det koma eit friareal, ingen bygningar, som først tenkt.

– Landskapsarkitekt Smedsvig, som også har teikna uteareala til Os Sjøfront, sit med skisser for denne tomta. Desse er det venta at vi skal få sjå i juni.

Ny strandpromenade

Brygga framfor Os Sjøfront er ferdig og opna, men litt arbeid står igjen.

– Det skal koma eit skjørt på brygga, så småbåtar ikkje kan gli under kaien. Eit ønskje vi i Os kommune kom med og ein kostnad på inntil 500.000 kroner som Os Sjøfront tar, seier Søviknes.

Det står også eit areal igjen mellom sjøfronten og Os kai, der brakkene sto, som ikkje er opparbeida.

Dette skal takast fortløpande.

Nye gjesteplassar til båtfolket

Med utbygginga mellom Os sentrum og Mobergsneset har det kome nesten 100 nye båtplassar innanfor nyemoloen og fleire nye innanfor den gamle, i oppgradert versjon av Os kai.

– Os kai er i hovudsak for yrkesflåten, for lastin, lossing og fiske, men inst i brygga er det nok rom for nokre gjestar så lenge det ikkje er fleire fiskarar til kai.

– Det som står igjen no er utlegg av ei eigen gjestebrygge. Denne kjem på nyemoloen inst mot Oseana, og skal koma på plass snarast, seier ordføraren.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.