Sport | 05. mars 2017

Var 52 minutt framfor nestemann

Thomas Wallin-Andersen sin løyperekord blei ståande. Osingen står no med 5 sigrar og 3 andreplassar etter 8 år i «verdas hardaste ekspedisjonsløp».

Var 52 minutt framfor nestemann
Thomas gjekk i mål på 23 timar, inkludert 8 timar kvile. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 05. mars 2017 09:57

Bildeserie:

Thomas hadde startnummer 1. (xtremeidfjord.no)
Thomas hadde startnummer 1. (xtremeidfjord.no)
Thomas kom i mål mellom dei to beste laga. (xtremeidfjord.no)
Thomas kom i mål mellom dei to beste laga. (xtremeidfjord.no)
1 av 2
Thomas hadde startnummer 1. (xtremeidfjord.no)
Thomas kom i mål mellom dei to beste laga. (xtremeidfjord.no)

Fredag kom Thomas Wallin-Andersen i mål som vinnar av individuell klasse, på 23 timar og 7 minutt, inkludert 2 x 4 timar kvile, i 100 km lange Åsnes Expedition Amundsen.

– Etter nokre år med stang ut var det godt å vera på toppen av pallen igjen, seier Thomas til Midtsiden.

– Festet til pulken knakk eit lite stykke før mål, så eg måtte stoppa og festa den med tau. Det fekk ikkje noko å seia på plasseringa, men eg kunne kanskje ha kome med under 23 minutt om eg ikkje var uheldig.

Ådne Messel Nafstad og Ivar Tveito Eidsnes på 2. og 3. plass kom i mål på 23:59 og 24:00.

Beste kvinne blei Ragne Else Berre (25:47), på beste lag for kvinner var Tale Ivarhus frå Fusa (27:53). Thomas si kone, Nina Wallin-Andersen, deltok i kvinneklassen individuelt og kom på 11. plass med tida 44:16.

xtremeidfjord.no kan du lasta ned komplette resultatlister.

På topp i 8 år

Thomas har deltatt kvart år sidan starten i 2010, då han vann 11 timar (!) framfor nestemann. Det har til no resultert i 5 førsteplassar og 3 andreplassar.

Løyperekorden Thomas sette i 2012, på 21 timar og 50 minutt, var ikkje truga i år heller.

Det beste laget gjekk i mål på 22:26.

På det beste laget var vinnaren frå i fjor, tidlegare juniornoregsmeister i langrenn (stafett), Trygve Markset. Laget som kom på andreplass hadde tidlegare OL-vinnar i roing, Olaf Tufte, med seg.

– Konkurransen har blitt hardare for kvart år, men samtidig er det godt å ikkje gå åleine å tråkka spor. Frå siste sjekkpunkt og inn gjekk eg saman med dei to beste laga. Eg hadde jo ambisjonar om å slå dei òg, men visste samtidig at det ville bli vanskeleg å slå langrennsløparar i dei gode spora i siste del av løpet.

Fire månadar med førebuing

Løypa, den umerkte ruta frå sør til nord på Hardangervidda, er på 100 kilometer. Den blir framleis brukt til førebuingar for ekstreme polarekspedisjonar.

Deltakarane må ha alt nødvendig utstyr med seg i pulk, som minst må vega 40 kilo, og får ingen assistanse på veg til mål.

– Eg var godt førebudd. Kvar helg dei siste fire månadane har eg vore på Vidda og gått den på tvers, på langs og diagonalt. Det er eit svært krevjande løp og dette er einaste måte å førebu seg på for meg, som eigentleg er ein terrengløpar.

Øystese-Voss neste

Thomas er usikker på kor lenge han held fram som deltakar i pulkløpet.

– Ved sidan av det fysiske og strategiske så har utstyret og justeringar mykje å seia, og der er det stadig noko nytt. Løping er lettare, der treng du berre eit par sko.

Wallin-Andersen reknar med at neste konkurranse for hans del blir Hardangerlaupet i starten på april, som òg er på ski, men litt kortare og utan pulk. Frå Øystese til Voss har Thomas tidlegare år tatt to tredjeplassar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.