Brann og beredskap | 24. juni 2021

Var redd for at festflåte skulle slita seg

Låg lett fortøydd på Balandsneset.

Var redd for at festflåte skulle slita seg
Solnedgang i Korsfjorden sett frå Balandsneset. (Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 24. juni 2021 07:22

Onsdag i 14-tida fekk politiet melding om ein festflåte som såg ut til å vera dårleg fortøydd.

– Den låg på Balandsneset på Drange. Meldar var redd den skulle slita seg, då vinden var sterk og fortøyinga såg tynn ut, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.

Flåten var innreidd med sitjegruppe og utstyrt med påhengsmotor og grill.

Politiet sendte oppdraget over til brannvesenet, som har eigen båt.

– Vi fekk kontakt med eigar, som skulle ordna det sjølv, seier brannsjef Eivind Hovden.

Oseana lagar ikkje bål i Mobergsvikjo i år, men byr på jazzkonsert på terrassen. (Bilde frå 2019)
Les ògDraumesankthans - og tryggleiksreglane får du på rim

– Korleis var resten av sankthansaftan for brannvesenet?

– Stille og roleg.

– Det einaste vi var ute på om kvelden var eit bål som nokon hadde gått i frå i Kuvågen. Området var ryddig og fint, men bålet var ikkje godt nok sløkt.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.