Lokal | 19. nov. 2019

Varslingssaka på Luranetunet

Os kommune har i dag mottatt rapporten frå advokatfirmaet SANDS, som har undersøkt varslingssaka på Luranetunet.

Varslingssaka på Luranetunet
Luranetunet. (Arkivfoto: Midtsiden)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 19. nov. 2019 18:14

Os kommune har i dag motteke den endelege rapporten frå advokatfirmaet SANDS som har undersøkt varslingssaka på Luranetunet.

• Les òg: Starta kartlegging etter omtale i Klassekampen (august 2019)

Bjørnafjorden kommunestyre blei i ettermiddag orientert om hovudfunn. Her kan du lesa meir om saka.

Under følgjer pressemelding frå Os kommune:

– Eg er glad rapporten viser at det ikkje har vore systematiske brot på helselovgivinga. Samstundes tek vi dei funn som er avdekka på alvor, og vil iverksetja tiltak som skissert i rapporten, seier Monica Totland Melvold, kommunalsjef for helse og omsorg, i pressemeldinga.

Onsdag 28. august 2019 var det eit oppslag i avisa Klassekampen kor to tilsette ved ei demensavdeling på Luranetunet fortalte om det dei meinte var kritikkverdige tilhøve ved avdelinga. I etterkant av oppslaget fekk rådmannen i Os kommune tilsendt det materialet som var sent Klassekampen.

Dette danna grunnlag for at rådmannen beslutta at saka skulle handterast som ei varslingssak, og advokatfirmaet SANDS blei engasjert for å gjennomføra undersøkingar i saka.

• Les heile rapporten på bjornafjordenkommune.no (PDF)

Overordna konklusjon

Tysdag 19. november mottok Os kommune den endelege rapportet frå SANDS.

Konklusjonen i rapporten i tre punkt:

• Oppsummert er det ikke funnet grunnlag for å hevde at tjenesten som leveres ved den aktuelle avdelinga på Luranetunet bu – og behandlingssenter ikke møter kravet i helsepersonelloven om en «fullt forsvarlig tjeneste». Det er imidlertid gitt beskrivelser av enkelttilfeller hvor alle de krav som stilles i verdighetsgarantien og kvalitetsforskriften ikke er oppfylt.

• I lys av dette må det tas på alvor når ansatte, inkludert avdelingsledelse, beskriver en hverdag hvor det opplever at mangelfull bemanning både påvirker tjenesten som leveres og arbeidssituasjonen for de ansatte. Det fremstår altså som klart at det er behov for å gjennomgå både bemanningssituasjonen og de tilleggsoppgaver som ligger på pleierne opp mot både tilbudet til beboerne og de ansattes arbeidsmiljø.

• Et annet hovedfunn knytter seg til det som kan beskrives som manglende kommunikasjon fra ledelse og ut til de ansatte i avdelingen. Undersøkelsene viser at de ansatte synes å mangle informasjon om bakgrunnen for at enkelte tiltak er iverksatt og for øvrig informasjon om enkelte sentrale prosesser og retningslinjer. Det fremstår altså på helt påkrevd å styrke kommunikasjonen mellom ledelse og avdeling, herunder prioritere personalmøter og medarbeidersamtaler.»

Verdigheitsgarantien og kvalitetsforskrifta legg begge vekt på ivaretaking av den einskilde pasient, og at denne får oppfylt grunnleggande behov. I Verdighetsgarantien § 3 heiter det mellom anna at pasienten skal sikrast sjølvbestemmelserett, eigenverd og livsførsel og at medisinske behov blir ivaretatt.

- Eg er glad for at undersøkinga ikkje har funne grunnlag for å hevda at det har vore systematisk brot på helselovgivinga. Samstundes tek vi på største alvor dei einskilde tilfella kor dei krav som blir stilt i verdigheitsgarantien og kvalitetsforskrifta ikkje er oppfylt. Dette vil vi ta tak i, seier Melvold.

Tiltak

Rapporten tilrår kommunen å iverksetja tiltak innan følgjande områder:

• Styrking av bemanning

• Tydeleggjering av roller og ansvar

• Sikre tilgang på naudsynte hjelpemidler

• Avvikshandtering

• Opplæring i rutiner og regelverk kring bruk av lærlingar

• Kommunikasjon og leiing

• Tilsettingsprosessar

- Eit tiltak som blei godkjent allereie før denne varslinga var å auka bemanninga med 20 %.

– Vi vil no sjå på om det er behov for å auka bemanninga yttarlegare. Vi vil òg gå inn i dei øvrige tiltakspunkta som Sands foreslår for å betra rutinar, informasjonsflyt og kommunikasjon.

- Allereie neste veke vil vi starta arbeidet med utarbeiding av handlingsplan for iverksetting av tiltak, avsluttar Melvold.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.