Bjørnefjorden Landbrukskontor har på vegne av Os kommune fatta vedtak om skadefelling av knoppsvana «Hamnesjefen» (foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Vedtaket er fatta

Med heimel i naturmangfaldlova §18 tredje ledd har kommunen fatta vedtak om at «Hamnesjefen» må avlivast.

Av: Andris Hamre

Knoppsvanehannen, kjent som «Hamnesjefen», har dei siste sju åra regjert i Os hamn. Fredag gjekk han umotivert til angrep på ei fem år gamal jente som, saman med barnehagen ho går i, var i Mobergsvikjo for å bada.

Svana gjekk då til angrep på jenta og drog ho med seg under vatn. Jenta blei naturleg nok skaka av hendinga og fekk fleire sår, men det skal no, etter forholda, stå bra til med ho.

Har skapt stor debatt

Saka har skapt mykje debatt i kommentarfelta på Midtsiden sine saker, både frå dei som meinar han skal få leva og frå dei som meiner at han bør avlivast.

Kommunen satte seg raskt ned for å sjå på kva dei skulle gjera. Etter litt fram og tilbake blei det klart at det var kommunen sjølv som hadde mynde til å fatta vedtak.

Særlege aggressive individ

I eit delegasjonsvedtak frå Miljødirektoratet frå 16. september 2013 kjem det fram at kommunen får delegert mynde etter naturmangfoldloven §18 tredje ledd første punktum.

I skrivet heiter det:

«Miljødirektoratet beslutter herved å delegere myndighet til å iverksette uttak av vilt i bestemte situasjoner til kommunene og fylkesmennene.

Kommunene delegeres myndighet til av eget tiltak å iverksette uttak i tilknytning til følgende problemområder og skadesituasjoner:

1. Bestemte individ av alle hjorteviltarter og villsvin når de oppholder seg på trafikkerte eller tettbygde områder og utgjør en fare for skade på person eller skaper trafikkfarlige situasjoner.

2. Særlig aggressive individ av knoppsvane eller kanadagås når de oppholder seg på områder hvor de utgjør en fare for skade på person, eller hindrer ferdsel.

Uttak etter denne delegasjon regnes ikke som enkeltvedtak og kan ikke påklages.»

(Uthevinga er gjort av Midtsiden)

Politiet får oppgåva

Bjørnefjorden landbrukskontor (som dekkjar Os, Fusa, Tysnes og Samanger, journ. mrk.) fekk oppgåva med å sakshandsama saka.

– Os kommune har i dag fatta vedtak om skadefelling av knoppsvana «Hamnesjefen». Det er gjort ei grundig vurdering av fagetaten i kommunen, og det er henta inn uttale frå ekspertise på området.

– Politiet vil no få oversendt vedtaket frå kommunen, som igjen vil iverksetta tiltaket gjennom lokal viltkontakt, skriv ordførar Marie E. L. Bruarøy (H) i ei pressemelding.

Vedtaket

Slik lyder vedtaket frå kommunen:

«Os kommune gjev løyve til å felle ein knoppsvanehann, også kjent som «Havnesjefen».

Løyvet gjeld frå 23.07.17 og 14 dagar fram. Resultat og effekt av tiltaket skal meldast til landbrukskontoret.

Vedtaket har heimel i naturmangfoldlova §18 tredje ledd første punktum.

Uttak etter denne delegasjonen reknast ikkje som enkeltvedtak og kan ikkje påklagast.»

Venter til etter mytetida

I saksutgreiinga kjem det fram at svana ikkje skal avlivast med det same, men at ein skal vente til etter mytinga.

«Knoppsvanehannen har ansvaret for å verne om ungane. No i månadskiftet juni/juli er ungane små og mora er i mytingsperioden. Ho feller gamle fjær og får nye. Nett no er difor ansvaret for å verne mor og ungar særleg stort og hannen er på sitt mest aggressive/beskyttande. Mytinga hos hoa, gjer at ho er dårleg til å flyge og meir stadbunden enn elles. Dette varer i to-tre veker og så er det hannen sin tur å byte fjærdrakt. Når det er hans tur fell aggresjonsnivået. Svane-ungane klarar seg sjølve når vi kjem mot slutten av august, men held seg ofte i lag med foreldra heilt fram til i februar.

Av omsyn til ungane i yngleperioden og hoa under fjørskiftet skal det difor ventast med fellingsløyve til etter mytetida for hoa, 23.07.17 noko som vil auke sjansane for overlevelse hos mor og ungar.

Den aggressive åtferda til «Havnesjefen» er naturleg og han har vore utsett for særs varierande handsaming av publikum i Os. Ved å ta bort «Havnesjefen» vil vi redusere faren for åtak av den aggressive svanehannen i år, men ettersom hekkeplassen svaneparet har valt seg er er særs god vil det kome hekkande svaner her seinare. Vi veit ikkje kor aggressive dei vert og det kan verte aktuelt å gjere andre tiltak for å unngå konfrontasjonar mellom folk og aggressive svaner i framtida dersom det framleis skal hekke svaner i Os sentrum.

Os hamn er ein del av Os sentrum og har eit pulserande liv, spesielt i sommarmånadene. I Mobergsvika kor hendinga fredag 30/6 var, er ein offentleg badeplass, som innbyggjarane blir oppfordra til å bruke. Då blir det umogeleg å kunne ivareta innbyggjarane sin tryggleik med ei «utilrekneleg» svane i området. 

Svana har allereie gjort skade på fleire personar og skadeomfanget er på eit slikt nivå at fleire har måtta oppsøkje lege. »

Fleire saker