Politi | 12. juni 2021

Éin blei avskilta - ein annan måtte plukka ting av hengaren

Vegvesenet fann fem køyretøy å reagera på.

Éin blei avskilta - ein annan måtte plukka ting av hengaren
Statens vegvesen hadde trafikkontroll på E39 ved Hjellemarka i går. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 12. juni 2021 08:21

Statens vegvesen hadde trafikkontroll på E39 Byvegen ved Hjellemarka fredag.

Åtte lette køyretøy blei kontrollert, fem av dei fekk bruks- eller køyreforbod. Nokre av desse kunne likevel gjera små justeringar før dei køyrde vidare, men éin blei avskilta.

  • Ein varebil med stillas hadde overvekt og måtte lasta av før vidare køyring.
  • Ein førar måtte sikra lasta på tilhengsr betre.
  • Ein varebil blei avskiltet grunna manglende EU-kontroll.
  • Ein måtte ordna baklys og sikkerhetslenke på tilhengar før vidare køyring.
  • Ein varebil hadde ein del tekniske manglar (ikkje godkjente felgar, lys med meir) og må visa bilen på trafikkstasjon innan gitt frist.

– Elles var det enkelte som fekk muntlege pålegg for mindre manglar, skriv Inge Hellebust i rapporten frå kontrollen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.