Kultur | 14. sep. 2011

Venteliste på Osmessa

Hus og heim, sport og fritid, laurdag opnar Osmessa og arrangørane har ventelister på utstillarplass.

Venteliste på Osmessa
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 14. sep. 2011 11:40

Nore Neset Dagane, som i år er utvida med rein messe i hovudhallen i Nore Neset Aktivitetshus, har for lengst fylt heile hallen med utstillarar i ei rekkje ulike kategoriar.

– Folk ringer framleis og vil melda seg på, men det einaste vi kan gjera er å setja dei på venteliste i tilfelle vi skal få ein ledig krok eller nokon må melda avbod, seier messesjef Katrine Haugland frå Stiftinga Nore Neset Aktivitetshus.

På førehand sorterte arrangørane messeområdet i fleire kategoriar, for å skapa variasjon og for å sikra eit jamt forhold mellom dei ulike typane av utstillarar.

– No har vi over 50 utstillarar inne og ute, kategoriene går frå hus, heim og hage, bygg og bu i Os (tomter og husbyggarar) til sport og fritid, bil og motor og kunst, mat og handverk.

Parkering hos Rolls Royce

Sidan store delar av utearealet rundt aktivitetshuset er i bruk, og det er venta minst like mange gjestar som tidlegare år, fekk arrangørane ei lita utfordring når det gjeld parkering.

– Det har vi heldigvis fått løyst med å låna parkeringsplassen til Rolls Royce ved Ulvensletta. Her blir det gratis å parkera og det kjem til å gå gratis skyttelbuss mellom Rolls Royce og Nore Neset Aktivitetshus under heile messa.

Isolert laft og hus i mur

Blant utstillarane er det forholdsvis nye selskapet Strøno Bygg AS.

– Eg dreiv enkeltmannsføretak i Bergen før eg flytta til Strøno for fire år sidan og to år seinare starta aksjeselskap, fortel Sveinung Hellen.

No har han ni tilsette, blant dei en murar.

– Vi er forhandlar av Murgaardhus og rundt halvparten av husa vi sel er i mur eller med innslag av mur. Både når det gjeld nye tekniske krav og ønske om betre inneklima er murhus eit førsteval for mange, dessutan blir uttrykket moderne og særprega.

Hellen sel også hytter og på Osmessa viser han ein ny patenterte isolert laftestokk.

– Denne har berre 1/4 av varmetapet som maskinlaft og er veldig stabil å bygga med, fortel Sveinung.

Trend og tradisjon frå Søfteland

Ein annan spennande utstillar er Vestlandske Heiltremøblar. Det er mange år sidan Jarl Haug sa opp jobben i Nordsjøen for å satsa på møbelproduksjon på Søfteland.

– Sjølv om eg jobbar med heiltremøblar må eg også følgja med på trendene og fornya stilen. Kvar gong vi har gjort justeringar og kome med nye kombinasjonar så har det slått godt an, samtidig er det viktig at vi held på det tradisjonelle.

Mørka fargar og svart var nytt for nokre år sidan, no går det mykje i kvitt og kombinasjonar mellom kvitt og meir naturfarge.

– I tillegg har eg supplert utvalet med skinnfeller, ulltøflar, lampar og flammelykter, ting som høyrer heime på hytta, naustet eller i ein lun heim. Det skal bli spennande å visa dette fram på Nore Neset, trur Jarl.

Reinhardt kjem heim

Norenesingen Reinhardt Østrem, som i mange år har drive med import frå Kina, starta butikkar med spa og møblar i Åsane og i Haugesund i mai i år.

Til helga tar han store delar av vareutvalet med til heimkrinsen for å stilla ut.

– Vi har hatt ein veldig god start med butikkane og fleire osingar har tatt turen til Gullgruven for å handla hos oss.

– Likevel synes eg det er kjekt å koma heim og visa varene, seier Reinhardt.

Tar huset med seg

Ein annan nystarta butikk av ein norenesing er Bomobil AS, som held til i Industrivegen. Tor Egil Myksvoll starta også opp i mai med eit brak, men han sel meir enn dusj og bad, han sel heile «huset».

– Bubilane selte godt frå start og no etter ferien har vi fått inn den første av fleire husvogner vi skal ha i utvalet, seier Myksvoll.

– Sjølv om det kostar litt med transport tar eg med meg husvogna til Nore Neset. Samtidig kjører vi ut fleire bubilar, lover Myksvoll.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.