Verdsstjernene til Os
Alexander Kristoff og Fabian Cancellara er to av verdsstjernene som er med når Tour des Fjords vitjar Os 27. mai.
Sykkelrittet - Tour des Fjords, kor mellomanna World-tourlaga Team Katusha, Trek Factory Team, Tinkoff-Saxo, Orica-Greenedge og FDJ.fr deltek, lanserte etappane for 2015-utgåva onsdag ettermiddag.
– I år kan osingane få oppleva verdsstjerner som fjorårsvinnar Alexander Kristoff, Fabian Cancellara, Simon Gerrans og Thibaut Pinot på nært hald.
– 1. etappe går frå Bergen til Nordheimsund via Fanafjellet, Lysefjorden, Os sentrum og Hegglandsdalen før vi fortsett innover i Hardanger, seier Roy Hegreberg, dagleg leiar i Tour des Fjords.
– Still opp og lag liv
Den daglege leiaren kjem allereie med ei klar oppfordring til osingane.
– TV2 sender tre timar frå kvar etappe, Eurosport skal senda ti timar til 65 land over heile verda, så her er det godt grunnlag for marknadsføra fjord-Noreg, regionen og Os.
– Jo meir liv og løye folk lagar langs løypa, jo betre er det.
– Bli med og lag folkefest, ver kreative og skap den beste heiagjengen, oppmodar Hegreberg.
Håpar på spurt i Os
Sjølv om løypa no er lagt, står det framleis att detaljar. Mellomanna kor ein skal legga innlagte spurtar.
– Eg kjem til å sende ein søknad til Os kommune med forespurnad om dei vil vera med å bidra til ein spurt i Os, seier den daglege leiaren.
Kanskje får vi sjå Alexander Kristoff og Fabian Cancellara kjempa side om side opp Finnebrekka for å plukke til seg spurtpremien og dei ekstra poenga.
Vil byggje kompetanse
Hegreberg er klar på at Fjord des Tours er ein god moglegheit for VM-arrangørane, kor Os-ordførar Terje Søviknes måndag blei utnemnd til styret, til å byggje kompetanse i forkant av meisterskapet.
– Det er ein kjempemoglegheit for VM-organisasjonen til å byggja kompentanse og å førebu publikum, presse og sponsorar på kva ein kan venta seg i september 2017.
– Dei utenlandske syklistane synes Noreg er eksklusivt og årets Tour des Fjords skal bli enno større og betre enn fjorårets ritt, lovar Hegreberg.
Dette er etappane
Årets Tour des Fjords blir arrangert 27.-31. mai og dei fem etappane er:
1. etappe: Bergen-Norheimsund, 177 km
2. etappe: Ulvik- Haugesund, 205 km
3. etappe: Stord-Sauda, 166 km
4. etappe: Stavanger-Sandnes, 177 km
5. etappe: Hinna Park-Stavanger, 186 km
Total: 911 km
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.