Vêrmeldingane for helga
Det skal bli varmare, men òg våtare.
Etter nokre dagar med lettskya vêr og frisk vind er det sol og blikkstille i Os torsdag morgon.
Sånn skal det halda seg i nesten to døgn. Fredag blir meir overskya, men varmare, og frå 14 i dag til 17 gradar i morgon, og framleis vindstille (under 2 m/s i vindstyrke).
Opphaldsvêret skal halda seg til 13-tida laurdag. Då skal det regna ut dagen.
Men temperaturen skal opp i 19 gradar, ifølgje Yr, som melder to gradar varmare enn Storm.
Både Yr og Storm melder eit par timar med sol søndag morgon, men så skal det regna dag og kveld, nærmast samanhengande.
Det er meldt ein del nedbør måndag og tysdag òg, men tysdag skal det letta på ettermiddagen.
Temperaturen skal halda seg på 15-16 gradar neste veke, vindstyrken skal ligga på under 4 m/s.
- Sjå detaljert vêrmelding for Osøyro på VG Pent