Avisene går saman om sankthansfeiring i Vikjo
Os & Fusaposten samarbeider med Midtsiden, og mange fleire, om ei ekstra kjekk markering.
Tidlegare i år signaliserte Oseana og kommunen at dei i år ikkje ville ta på seg kostnaden med bygging av bål, leige av fellesgrill eller innleige av musikk sankthansaften.
Då tenkte vi Midtsiden-redaksjonen at dette kunne vi overta ansvaret for.
Så viste det seg at Os & Fusaposten hadde tenkt det same.
– Eg ringte Tor Arne Hitland frå Livskvalitet for å spørja om dei ville bygga bål, fortel Os & Fusaposten-redaktør Jostein Halland.
– Han svarte ja, men at han allereie skulle bygga bål for Midtsiden, legg han til og ler.
Samarbeider om arrangementet
Dermed slo dei to seg saman. For Os & Fusaposten hadde frå før gjort eit godt stykke arbeid, snakka med Oseana og fått på plass både musikk og sponsor.
– Vi i lokalavisene jobbar ofte ved sidan av kvarandre, det er kjekt å av og til kunna gjera noko i lag, seier Midtsiden-redaktør Kjetil Vasby Bruarøy.
– Sankthansaftan i Mobergsvikjo ville det nok blitt uansett, men det er noko eige med dette store bålet, musikken og med fellesgrillar, for å unngå haugevis med éingongsgrillar. Det er dessutan ikkje alle som liker å bruka utedo, no får vi låna Oseana sine, med tilkomst rett frå plenen.
Om vêret blir litt grått og vått søndag 23. juni, er det dessutan større sjanse for at det kjem litt folk, om det er eit program.
Sjå berre her, korleis det gjorde seg med svenske blomekransar på ei heller våt markering av midtsommar i 2018:
Konkurransar, musikk og sponsorar
Det er ikkje berre lokalavisene og Livskvalitet som er gira på å laga stemning i Vikjo sankthansaftan, fleire støttespelarar har slutta seg til arrangementet.
– Det har vore velvilje alle stadar. No er det duka for ei fin oppleving, med musikk, aktivitetar og konkurransar, seier Halland.
- Lions har sponsa 10.000 kroner og stiller med vaktar
- Fana Sparebank har sponsa 10.000 kroner i fondsmidlar, som kan delast ut som premiar (avisene lager konkurranse)
- Rema 1000 Kuven stasjon bidrar med gratis hotdog og is til minst dei 500 første.
- Havnechefen låner vekk minst to grillar
- Steinar Lyssand er hyra inn til å setja musikalsk stemning
– Vi har fleire ting på gang, og kjem med ferdig program når vi er litt nærmare, seier Bruarøy.