Kultur | 31. mai 2019

Vestlandets største finalefest?

– No har vi alle premiane på plass òg, seier Fjordfolk før Champions league-finalen i Oseana.

Vestlandets største finalefest?
Christoffer og Marthe med delar av premieutvalet. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 31. mai 2019 16:48

Bildeserie:

I ettermiddag møtte dei Huseklepp for å få signatur på landslagstrøya.
I ettermiddag møtte dei Huseklepp for å få signatur på landslagstrøya.
Tidlegare i dag kom pakken frå Liverpool-klubben.
Tidlegare i dag kom pakken frå Liverpool-klubben.
1 av 2
I ettermiddag møtte dei Huseklepp for å få signatur på landslagstrøya.
Tidlegare i dag kom pakken frå Liverpool-klubben.

Førre helg fortalte Oseana og Fjordfolk om planlagt vising av Champions League-finalen mellom Liverpool og Tottenham laurdag kveld.

– Med 490 sete og 10 x 5 meter stor skjerm trur eg dette er Vestlandets største finalevising, seier Christoffer Kobbeltvedt.

Han og kollega Marthe Kristensen i Fjordfolk har hatt ei travel veke med førebuingar.

– No har vi ein haug med premiar å dela ut før kamp.

I dag kom pakken med Liverpool-utstyr, i ettermiddag var Fjordfolk til by'n for å henta signert landslagstrøye av Erik Huseklepp.

– Det var overraskande fine premiar frå Liverbirds Norge, frå før har vi Tottenham-tskjorter til utdeling. I tillegg har vi to gåverkort på 1000 kroner kvar frå Sport Norge, gåvekort på 1000 kroner frå både Travel2Football og Travelnet Os Reisebyrå, gåvekort på kajakkurs frå Bjørnafjorden Opplevelser og 4 billettar til Brann-Lillestrøm.

Liverpool-Tottenhamn startar først klokka 21.00, men dørene til finalefesten opnar allereie klokka 17.

– Vi ønskjer å laga ein heilaftan av dette, men folk kan koma når dei vil. Frå klokka 18 er der FIFA-konkurranse for dei under 15 år, frå klokka 19 deler vi ut premiar og klokka 19.30 køyrer vi lokalt ekspertpanel i Oseanasalen.

– Oseana Kafé og Restaurant køyrer hot dog og hamburger på menyen, så folk kan halda seg mett og god utover kvelden. Det blir alkoholservering, så dei under 15 år må ha verge med seg. Men sjølv om dei vaksne kan ta seg eit glas til kampen, ønsker vi ein familievenleg profil på kvelden, vi skal ikkje prøva å forvandla kulturhuset til ein fotballpub.

Førehandssalet er i gang, men med mindre det blir utselt kan du kjøpa i døra. Billettane er unummererte.

– Vi passerte 50 selte billettar i går, og det er nokre gjengar eg veit kjem som førebels ikkje har kjøpt billett. Det er vanskeleg å seia kor mange vi blir, men det ligg allereie an til å bli ein fin finalefest, seier Marthe og Christoffer.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.