Vi demonstrerer mot budsjettkutta
DEBATT: Folk føler seg frustrerte og makteslause.


Her i Bjørnafjorden har kommunedirektøren lagt fram eit forlag for budsjettkutt. Det er kutt som rammar oss alle, men mest av alt dei svakaste av oss.
Mange politikarar meiner at desse kutta er nødvendige, sjølv om det er andre tiltak som kan bli innført for å fikse økonomien på ein meir rettferdig måte.
Alle eg har snakka med er imot desse kutta, men dei føler ikkje at dei kan gjere noko med det. Dei føler seg frustrerte og makteslause, men motiverte til å gjere ein innsats.
Derfor er det viktig at vi gir alle ein stemme. Når vi står saman har vi mykje meir innflytelse enn vi har åleine.
Laurdag klokka 14 skal vi halde demonstrasjon mot budsjettkutta i Bjørnafjorden. Demonstrasjonen skal vere på torget ved Havnechefen.
Eg håpar at du vil bli med å demonstrere!
Du finn arrangementet vårt på Facebook.
Eg ønskjer også at alle som vil, kan få ytre si meining, sine opplevingar og sine håp om saka. Viss du vil halde ein appell eller bidra med noko anna, så kan du kontakta meg.
Are Lekven
Raudt/Rød Ungdom
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilgang til alt innhald for kun 5 kr i 5 veker
Vi set stor pris på at du vel å abonnera på Midtsiden, det hjelper oss på veg til å kunna dekka endå meir av alt som skjer i Os!
- Tilgang til alt innhald
- Utan bindingstid
- Moglegheit for fleire brukarar
Etter kampanjen blir abonnementet fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.