Lokal | 09. feb. 2017

– Vi er betydeleg styrka

Sjef Sivilforsvar Jon Birger Berntsen var sjølv på Ulven under den store flystyrt-demonstrasjonen for brannvesen, politi og helse torsdag.

Ørjan Håland
Ørjan Hålandtorsdag 09. feb. 2017 21:29

Tidlegare leiar for politiets beredskapstropp, Sjef Sivilforsvar Jon Birger Berntsen, var i Os i dag for å sjå slutten av den nye spesialstyrka sine to veker med øving, ein demonstrasjon for leiarar innan brann, politi og helse.

• Les òg: Trener ny spesialstyrke

I fredstid er Sivilforsvaret ein statleg forsterkningressurs for nød- og beredskapsetatane ved større ulykker og naturkatastrofer.

– Med denne nye, mobile eininga er beredskapen på Vestlandet betydeleg styrka, sa Berntsen.

Øvinga i dag var slutten på to veker med lange dagar med øving for mannskapen på 48, frå Sivilforsvaret i Hordaland.

Ein buss i brann skulle forestilla eit lite fly som hadde kome skeivt inn til landing, blitt delt i to, og fått mannskap på 15-16 personar slengt utover flystripa på Vaksinen.

Les meir om Siviliforsvaret på Wikipedia og på sivilforsvaret.no (historikk).

• Sivilforsvaret er basert på tenesteplikt, kvinner og menn mellom 18 og 55 år kan bli pålagt tenesteplikt i Sivilforsvaret.

• Sivilforsvaret er en statlig beredskapsetat i Norge organisert som en avdeling i Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB).[4][5]

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.