– Vi gler oss til neste reisebrev du tek med deg heim
Mange hadde teke turen for å oppleva litt Korea i Vognhallen.
Bildeserie:
Åse Berit Skeie Ulltang er ei travel dame med internasjonalt preg.
Etter fem år i Sør-Korea er ho no raskt heime og pakkar om - før livet går vidare til Spania om nokre veker.
Soloutstillinga «Nye landskap» skal berre stå i Vognhallen i ni dagar, og det var mykje folk under gårsdagens vernissage.
To elevar frå Kongshaug Musikkgymnas opna det heile med to sjelsetjande låtar, framført på vokal og piano.
– Eg skal ha nummer 26!
Arne Mæland stod for helsinga frå Vognhallen og Os Kulturutvikling.
Raus med ordlaget, definerte det han såg som ei utruleg flott utstilling. Han nytta òg høvet på talarstolen til å be nokon henngja ein raud «kjøpt-klistrelapp» på verk nummer 26 med ein gong. Dette skulle han ha i samlinga si.
Mæland minna òg publikum på at det per no er fire aktive galleri i Os, så folk måtte berre nytta dagen vidare til å dra på galleri-besøk på Vedholmen, i Oseana og i Solbakken.
Gler seg til neste reisebrev
Før Ingebjørg E. Astrup tok den offisielle opninga, gav ho publikum eit innblikk i arbeida til Ulltang.
– Då Åse Berit stilte ut i Korea, tok ho eit stykkje Os til Korea - i dag har ho teke eit stykke Korea til Os.
– Eg gler meg allereie til ho neste gang ho kjem heim med eit stykke Spania til oss.
Takka folket i Korea
Fargeglade Ulltang, for anledninga i heilsvart, takka publikum for det gode oppmøtet. Ho la vekt på gleda over å få ta del i- og innblikket i den koreanske kulturen.
– Dei er eit smilande folkeslag, og har ein flott kultur som eg er så glad for å kunna dela med dykk her idag.
Ulltang hadde meir enn berre kunst og inntrykk med seg heim - Arne Mæland fekk spisepinnar i stål (noko som er vanleg i Korea), i tillegg til eit flott silke-etui til tannpirkarane sine.
– Du byrjar jo å koma opp i åra du òg, sa Ulltang til stor latter frå Mæland og publikum.
Randi Hjertaas har vore Ulltang sin kontaktperson i Vognhallen, og saman med Astrup fekk ho ein vassekte koreansk solhatt. Samanleggbar sådan.
Utstillinga til Ulltang kan du sjå fram til 31. mars.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.