Viktig skåring i vanskeleg kamp
– Hadde den ikkje gått i mål så trur eg Mats Cato hadde kvelt meg, seier matchvinnar Torkel Hjertnes etter siger i toppoppgjer mot Lyngbø.
Bildeserie:
Lyngbø hadde ikkje tapt ein einaste kamp etter at dei blei utklassa 8-2 på Kuventræ i vår.
• Sjå video av alle dei 10 skåringane frå førre møte mellom Os og Lyngbø
Før 13. runde låg dei to poeng bak dagens motstandar, serieleiar Os.
Med dagens siger er Os ferdig med to toppkampar og har skaffa seg ei luke på 5 poeng bak til 2. plassen (og 10 poeng til 3. plass).
Lyngbø - Os 1-3 (1-1)
Målskårarar, Os: Mats Cato Moldskred (27. og 73) og Torkel Hjertnes (69.)
Os: Chris Sunde Midtun - Torkel Hjertnes, Endre Brenne, Vegard Strønen Skeie, Harry Moore - Rafael Villén, Martin Røttingen Eidsvik - Øystein Takle Eide, Marius Mikkelsen, Erik Kanestrøm og Mats Cato Moldskred.
Innbytarar med speletid: Frode Storebø (for Kanestrøm i ca 64.)
– Det er fristande å seia at det var eit skot, men det var sjølvsagt eit innlegg, seier Torkel Hjertnes om 1-3-skåringa, høgrebacken si første for sesongen.
– Det var gode løp i boks, så eg er glad den gjekk over keeper og i mål, ellers hadde vel Mats Cato kveld meg, legg han til og ler.
Hjertnes si skåring kom etter 69 minutt med få sjansar, mange brot og ei rekkje duellar.
Rask utlikning
I 6-7 minutt såg det ut til å vera stor forskjell på dei to topplaga, men så endra kampbildet seg, og Os fekk ikkje til verken spel eller noko særleg sjanseproduksjon.
Marius Mikkelsen hadde eit skot i tverrligger og ned på noko som såg ut til å vera innanfor strek i 20. minutt, men først i 27. minutt kom første mål.
0-1: Øystein Takle Eide sendte ein ball gjennom til Mikkelsen, som blei pressa til dødlinja, men fekk lagt tilbake til Mats Cato Molskred. Moldskred banka ballen i nota frå spiss vinkel, men fire minutt seinare utlikna Lyngbø.
1-1: Eit innlegg frå Lyngbø sin venstrekant landa på umarkert spelar på bakre stolpe. Han skaut i beina på midtstoppa Vegard Strønen Skeie og i mål.
– Eg kom i fart i forsøk på å klarera, men så såg det ut som han sleiva, og det kom eit rart skot mot beina mine. Dessverre klarte eg ikkje å hindra at den gjekk i mål, seier Skeie.
1-3: Etter Hjertnes sørgja for 1-2-leiing lausna det meir for Os. Eit frispark eit stykke utanfor hjørnet av 16-meteren blei slått av Mats Cato Moldskred. Verken Os eller Lyngbø sine spelarar nådde opp, og Mikkelsen sitt løp mot keeper var nok med på å gjera at Lyngbø-keeperen nærmast rota den i mål sjølv.
Lyngbø gav aldri opp, og hadde eit godt skot i 77. minutt, men Chris Sunde Midtun viste raske refleksar og fekk heile handa på ballen.
Noko upresis og rufsete
Begge målskårarane til Os synest eige lag framsto som ukonsentrerte og seig.
– Heldigvis kjempa vi vidare! Det var veldig kjekt at ein god gjeng frå Os kom til by'n og såg kampen, seier Hjertnes.
Os-trenar Tim Henrik Sperrevik meiner Os var rufsete i store delar av første omgang, men at dei samla sett var det beste laget og vann fortent.
– Dette var ein skikkeleg lagsiger!
Lyngbø-trenaren synest det blei ein god og spennande kamp.
– Vi måtte flytta ein kant til back rett før kampstart, så det gjekk nokre minutt før vi fekk sett press-spelet vårt, og akkurat det er vi gode på. Då blir vi vanskelege å spela mot, seier Trond Pettersen.
– Sjølv om vi taper er eg nøgd med gutane. Os er det klart beste laget i divisjonen, og vi klarer å gjera det spennande lenge. Vår sjanse til opprykk er liten no. Eg har sett ein del 3. divisjon i år, og Os er nok allereie per i dag gode nok til midten av divisjonen.
Os sin neste kamp er heime mot Vestsiden-Askøy fredag om ei veke.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.