Lokal | 15. jan. 2014

– Viktigast at noko skjer

Stads- og moglegheitsanalysen for Osøyro: Spennande. Veldig positivt. Men det viktigaste er at noko skjer raskt.

– Viktigast at noko skjer
Ordførar Terje Søviknes (Frp) peikar på "Kvartalet" som kommunen saman med grunneigarane vil utvikla til eit lite kjøpesenter (foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 15. jan. 2014 21:22

Dei var oppglødde medlemmane i formannskapet, gruppeleiarane og representantane frå sentrumsforeninga då dei hadde fått presentert stads- og moglegheitsanalysen tysdag ettermiddag.

– Dette er spennande!

– Eg var litt angstfull i forhold til scenario 1 og 2, men dette let seg gjennomføra i ei rekkjefølgje, var den umiddelbare reaksjonen frå tidlegare leiar i plan- og bygningsutvalet, Gustav Bahus (Frp).

Les òg:
Slik kan Osøyro bli
Parkering – ein nøkkel

Glad for grønt

Venstre-representant Jon Sivert Rykkel, var glad for grøntstrukturen Asplan Viak har lagt inn i analysen.

– Dette er ein fornuftig måte å tenkja på med dei grøne områda, men kva funksjonar ser ein for seg i sentrumskvartalet ved sidan av rådhuset, undra Rykkel.

– Offentlege bygg, som bibliotek og vinmonopol. Ein må òg sørgja for at butikkane vender ut mot der det er naturleg å ferdast.

– Det blir ein utruleg spennande diskusjon om kva kvartalet skal innhalda og kva som skal ligga i dei ulike etasjene.

– Det kan bli tøffe tak, men her er det kraftsamla eit bilde av sentrum, svarte ordførar Terje Søviknes (Frp).

Må skje noko - raskt

Også Anders Hjelle (TvS) likte det han såg, men peika på det som fleire har kjend på.

– Det viktigaste av alt er at det skjer noko. Raskt.

– Det har vore mykje diskusjonar, men den fine plassen som Osøyro er, er i ferd med å dø vekk.

Byggje høgare

Dette fekk varaordførar Marie Bruarøy (H) til å be om at ein ikkje snakkar Osøyro ned, men i staden ser moglegheitane som ligg der.

– Det er gode strukturendringar som er presentert. No er det viktig at osingane får ei forståing av kva som må til for å få økonomi i prosjekta. Kanskje må vi som rapporten peikar på tilleta å bygga høgare for at utbyggarane skal få råd til å gjera det vi vil.

– Eg har ikkje problem med å akseptera fleire etasjar enn det vi har idag.

Forutset godt vêr

Lars Atle Skorpen (Ap), som til dagleg jobbar i Røde Kors, tok ei litt anna vinkling på Hjelle si uro.

– Eg driv jo til dagleg med gjenoppliving og her er det mykje spennande som vil hjelpa til med å få liv i Øyro. Men det svakaste i analysen er at ein reknar med at det skal vera fint vêr.

– Eg er einig, vi er nøydd til å tenka at det regnar 300 dagar i året. Men eg er òg einig med Anders Hjelle. Noko må skje så fort som mogleg, supplerte Gustav Bahus.

Sakna visualisering

Espen Aspenes (Frp) likte dei overordna strukturane, men sakna ei litt tydelegare visualisering av korleis Osøyro kan bli sjåande ut i bildet Asplan Viak teikna.

– Vi konkluderte i dag tidleg med at vi trur det er betre å trekka hovudlinene no og ikkje dekka det til med 3D-visualisering av korleis det kan bli sjåande ut.

– Då hamnar vi fort i ein voldsom diskusjon om estetiske uttrykk og etasjehøgder.

– Det må vi gjera når vi kjem nærmare inn i planane, svarte Søviknes, som etter ein diskusjon i gruppa konkluderte med at også kommunestyret vil få ei presentasjon i sitt møte 28. januar, før dei politiske partiane går nærare inn i planen.

Stemninga i ferd med å snu

Paul Hans Sælen representerte saman med Laila Moberg sentrumsforeininga på framlegginga.

– No har vi jo vore med i gruppa som har arbeidd ut dette.

– Eg trur ikkje det vil koma som mange protestar til denne planen. Sånn eg opplever det er stemninga i ferd med å snu.

– Stadig kjem det folk innom som kjem seier dei vil bruka Osøyro, men eg er samd i at det er viktig at noko skjer, steg for steg.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.