Ein gjeng med naboar i Sørstrøno tok storopprydding i strandsonen i mai i fjor. (Lesarbilde)

Vil du vera med på strandrydde-dugnad?

Os Rotary Klubb har vore på kartlegging - og hjelper til med både utstyr og båttransport.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

I perioden frå måndag 29. april til søndag 5. mai vert det ein landsomfattande ryddeaksjon langs Norskekysten. Alle frivillige, skular, barnehagar, lag og organisasjonar er inviterte til å delta.

Os Rotary Klubb har på vegne av Os kommune kartlagt strandsona i Os for marint avfall og plast frå Solbjørg til Drange. Alle fuglereservata vart dessutan rydda samstundes med kartlegginga. I tillegg til plast og anna boss vart det også registrert nokre båtvrak i Hauglandssjøen. Os kommune følgjer opp dette.

• Signerte avtale med Os kommune: Tar strandrydding til eit nytt nivå (februar 2019)

– Hovudinntrykket frå registreringa er at det er mindre avfall enn tidlegare år, og langt mindre enn venta. Men heilt fritt er det ikkje, fortel styret i Os Rotary Klubb i ei pressemelding i dag.

På grunnlag av kartlegginga skal følgjande område ryddast på dugnad:

•    Televika (Kuhnlevika Ytre Moberg).
•    Området rundt Ferstadvågen.
•    Området rundt Bjørnevika og Asneset.
•    Området på Røttinga mellom Gullholmane og Skitnevågen.
•    Ullsundet på Strønesida sør for Kattaneset til Grønebakken.
•    Ullsundholmane både på nord- og sørsida.

• Les òg: Storopprydding i Sørstrøno - fann to bilbatteri og ein heil båt (mai 2018)

Påmelding og assistanse

Dei som ønskjer å delta på ryddinga kan ta kontakt med Os Rotary Klubb på rogne.tore@gmail.com (mobil 93205183) eller oystein.moberg@bkkfiber.no (mobil 91127298).

– Oppgje namnet til den som skal vera kontaktperson for «ryddegruppa», dessutan adresse, mobilnummer og epostadresse. Og kva område de ønskjer å rydda.

Os Rotary Klubb vil dela ut avfallsekkar og arbeidshandskar til deltakarane og gje nærare informasjon om området, tryggingsreglar og korleis ryddinga skal gå føre seg.

Dersom det er naudsynt å nytta båt for å koma til området, vil Os Rotary Klubb organisera skyss. Denne strandryddingsdugnaden er ein lekk i den landsomfattande aksjonen «Hold Norge ren».

Fleire saker