Kultur | 07. jan. 2023

Vil du verna eit kulturminne?

Eigar av private verneverdige kulturminne kan no søkja om tilskot.

Vil du verna eit kulturminne?
Kulturminne i Bjørnafjorden registrert hos Riksantikvaren av offentleg forvalting. I tillegg kjem minne registrert av publikum. (koltominnesok.no)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 07. jan. 2023 10:49

Vestland fylkeskommune gir tilskot til vern av private verneverdige kulturminne.

Bjørnafjorden kommune minnar om søknadsfristen søndag 15. januar, og ramsar samtidig opp vilkåra.

Det er også kommunen som prioriterer søknadane og sender dei vidare til fylkeskommunen.

Kulturminne meldt inn av publikum. (kulturminnesok.no)
Kulturminne meldt inn av publikum. (kulturminnesok.no)

På Riksantikaren si teneste kulturminnesok.no kan du sjå fleire av dei mange kulturminna i Bjørnafjorden.

På kartet kan du velja mellom dei som er meldte inn av offentleg forvalting og dei som er meldte inn av publikum.

Du kan berre søka tilskot til faste kulturminne i Vestland som anten er:

1. Prioritert i kommunal kulturminneplan
2. Regulert til bevaring/omsynssone etter plan- og bygningslova (Dersom du veit at bygget eller tunet har verneverdi, kan du søkje om tilskot sjølv om det førebels ikkje ligg i ei omsynssone)
3. Vurdert av fylkeskommunen som kulturminne av høg regional verdi.

Du kan ikkje søka om tilskot på kulturminne som er i statleg, fylkeskommunal eller kommunal eige, til tiltak på freda kulturminne eller støtte til ordinær vedlikehald og drift.

Tildelinga føreset minst 50 prosent kommunal eller anna finansiering av tiltaket.



Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.