Lokal | 31. mai 2019

Vil laga ein møtestad for ungdom

Resultat og vidare arbeid etter kartlegging blant ungdom i Os.

Vil laga ein møtestad for ungdom
SLT-koordinator Elin Tuft fortalte om resultat av kartlegginga ho har arbeidd med sidan oktober. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 31. mai 2019 08:20

Bildeserie:

Anne Solberg Andersson byrjar som ungdomskoordinator i august. (Foto: KVB)
Anne Solberg Andersson byrjar som ungdomskoordinator i august. (Foto: KVB)
Ungdom i Os er nøgd med idrettstilbodet, men ikkje kultur og møtestad. (Ungdata Os 2019)
Ungdom i Os er nøgd med idrettstilbodet, men ikkje kultur og møtestad. (Ungdata Os 2019)
Ungdomen er sosial, men mest digialt. (Ungdata Os 2019)
Ungdomen er sosial, men mest digialt. (Ungdata Os 2019)
Kan Os Aktiv nyttast som møteplass ettermiddag og kveld?
Kan Os Aktiv nyttast som møteplass ettermiddag og kveld?
Eller er Fjellheim betre eigna?
Eller er Fjellheim betre eigna?
Tenesteutvalet fekk ein dag med mykje ungdomsprat onsdag.
Tenesteutvalet fekk ein dag med mykje ungdomsprat onsdag.
1 av 6
Anne Solberg Andersson byrjar som ungdomskoordinator i august. (Foto: KVB)
Ungdom i Os er nøgd med idrettstilbodet, men ikkje kultur og møtestad. (Ungdata Os 2019)
Ungdomen er sosial, men mest digialt. (Ungdata Os 2019)
Kan Os Aktiv nyttast som møteplass ettermiddag og kveld?
Eller er Fjellheim betre eigna?
Tenesteutvalet fekk ein dag med mykje ungdomsprat onsdag.

I møte i tenesteutvalet onsdag fekk politikarane presentert omfattande statistikk om ungdomen i Os, frå ungdomsskuletrinn og vidaregåande, over 1200 elevar som tidlegare i år deltok i «Ungdata».

I same møte presenterte SLT-koordinator Elin Tuft resultat frå si kartlegging som starta i oktober i fjor; «treng ungdomen i Os ein møteplass?».

– Det kjem tydeleg fram at både ungdom som ikkje driv organisert idrett eller aktivitet, og dei som deltar i ulike idrettar eller andre organisasjonar, saknar ein plass der dei kan møta annan ungdom.

– Denne møtestaden treng heller ikkje by på så mange aktivitetar, det er snakk om ein plass å vera, tak over hovudet og moglegheit for å laga eller kjøpa mat, sa Tuft.

Gjennom kartlegginga har SLT-koordinatoren vore i kontakt med blant anna elevrådet på Os ungdomsskule, elevrådet på Nore Neset ungdomsskule, elevrådet på Os gymnas, elevar som ikkje sit i elevråda, førebyggande helsetenester, diakon og ungdomsarbeidar i kyrkja, meistringsteamet, drosjenæringa, Oseana, Os og Austevoll lensmannsdistrikt, kulturleiar i Fusa, barnevernet og møtepunkt som SLT-modellen elles bruker.

Ein plass for alle

– Nesten samtlege gir uttrykk for at ungdommane treng ein stad å vera. Det går igjen hos ungdommane sjølv at dei ønskjer eit tiltak rett etter skuletid, og dei ønskjer det sentrumsnært. Dei seier at det ikkje treng å vera så mange aktivitetar, berre ein stad å vera. Ein stad der det er varmt, der det også er vaksne.

Nokre er einsame, nokre ønskjer samtalar med vaksne. SLT-koordinatoren ser for seg at ein sånn møteplass òg kan vera ein arena der Os kommune sine tenester og fagpersonar innan helse og omsorg kan gjera seg meir synlege og meir tilgjengelege.

På spørsmål frå Midtsiden etter presentasjonen er Tuft samtidig tydeleg på at dette skal vera ein plass for alle, ikkje berre for dei som har det vanskeleg eller treng hjelp.

– Nokre er einsame, nokre saknar trygge vaksne å snakka med, andre vil berre ha ein plass å møta annan ungdom, for eksempel etter skuletid eller etter trening. Både uorganisert og organisert ungdom saknar dette.

Reiser til by’n utan ein plan

Blant tilbakemeldingane som har kome frå ungdom er at det skjer for lite i Os. Det er ingen plass å gå for å treffa annan ungdom. Ungdata-undersøkinga viser at ungdomen trivst godt heime, at jenter bruker sosiale media i stor grad, mens gutar speler dataspel.

– Mange av dei som ønskjer å treffa nokon reiser til by’n.

Resultat i Ungdata støttar opp under dette. 34 % meiner kulturtilbodet i Os er dårleg eller svært dårleg, 38 prosent meiner tilbodet om møteplass for ungdom er dårleg eller svært dårleg.

Eirik André Hesthamar (Frp) lurte på om det var spesifikke kulturtilbod som fekk ungdom til å reisa til Fana eller Bergen.

– Det ser ikkje sånn ut. Dei reiser som søkande etter å treffa andre, ein plass å vera, noko å gjera på.

Kvar kan møteplassen vera?

Hesthamar lurde òg på om det var aktuelt å laga ein møtestad veg begge ungdomsskulane, ikkje berre i Os sentrum.

– Dei signala vi har fått seier at ungdom frå Nore Neset gjerne reiser til Os sentrum, om det er ein møteplass der, sa kommunalsjef Line Rye.

– Det blir vurdert om vi kan nytta Os Aktiv til eit slikt tilbod. I samband med etablering av Bjørnafjorden kommune må det og vurderast lokalisering i Eikelandsosen av eit liknande tilbod, fortalte Elin.

– I arbeidet med å vurdera ulike alternativ har vi òg sett på eit opplegg kalla Ung Arena. I Oslo er det fleire slike plassar, i Bergen skal dei i gang med Ung Arena på Nesttun.

Gisle Hesjedal (Ap) hadde ein annan idé.

– Det som umiddelbart skriker imot meg er Fjellheim. Om Oseana vurderer å overta og drifta Fjellheim, må vel dette vera ein godt eigna arena, sa Hesjedal.

– Eg vil ikkje kommentera alternativ til lokale. No skal vi sjå vidare på økonomien i dette, og så er målet å få fremja ei sak til formannskapet, svarte Rye.

Ressursar og vidare arbeid

I kommunestyret i desember 2018 blei det løyvd 250.000 kroner første året til arbeid med ungdom i Os, med 500.000 kroner dei neste åra.

Ei brei, tverrfagleg referansegruppe blei etablert i veke 4 for å sjå på mandatet for vidare arbeid. Referansegruppa vil saman med det nye ungdomsrådet avklara korleis kommunen skal sikre brukarmedverknad frå ungdomane i arbeidet vidare.

I august 2019 startar ny ungdomskonsulent i kommunen. Anne Solberg Andersson fekk presentert seg, og fortalte at ho har fått mange fine tilbakemeldingar, og gode tips og ønskje, etter at det blei kjent at ho skal inn i denne rolla.

– Vi ønskjer ein kombinasjon av eksistrande ressursar og samarbeid med frivillige til å drifta denne møtestaden, seier Tuft.

Fleire som arbeider med ungdom i dag i kommunen, er også tenkt inn i arbeidet og har allereie engasjert seg og ønskjer å bidra.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.