Søviknes trur betre bru er løysinga for Finnebrekka, Hanevik vil heller bygga nytt enn å styrka den gamle. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Vil vurdera å bygga ny bru

Finnebrekka: Os kommune vil fortetta, men slit med infrastrukturen.

image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Tysdag var det møte i den politiske arbeidsgruppa Liv på Øyro 2 med gjennomgang på status på sentrumsplanen, ein plan det er ambisjon om å få på høyring før sommaren og vedtatt i kommunestyret før valet i september.

• Les òg: Os hamn kan få flytande badstove

Ved sidan av tema som planområdet, og avgrensing av dette, var Finnebrekka oppe til diskusjon.

– Per i dag er det ingen aktørar som sit og ventar på områdeplan for sentrum. Finnebrekka er det einaste som hastar, sa kommunalsjef Aina Tjosås.

Det er ønskje om fortetting i det sentrumsnære bustadområdet på austbreidden av Oselvo, men infrastrukturen er ikkje god nok.

• Les òg: Høg fortetting blir for dyrt (Asplan Viak, januar 2018)

Skuleveg og tungtransport

På eit folkemøte i Finnebrekka i november 2017, viste naboane uro for skulevegen og aukande trafikk av dei som bruker bil på skulevegen, frå Hatvikvegen gjennom Finnebrekka som snarveg til levering av ungar på Os ungdomsskule og Os barneskule.

Det blei søkt Statens vegvesen om å skilta innkøyring forbode frå Hatvikvegen, men skilta kom ikkje opp.

• Les òg: Kva toler brua?

Bedrifter inst i Borgavegen treng open veg for varelevering, og underskilt som opnar for dette var det ikkje søkt om. I haust har det dessutan vore synfaring på bruene i Os.

– Gamlebrua toler ikkje lastebilar, kom det fram på møtet denne veka.

– Vil helst bygga ny bru

Henning Wenaas Ribe frå planavdelinga seier at kommunen snart har vurdert alle moglege vegar inn i Finnebrekka.

– Statens vegvesen vil ikkje gi løyve til meir innkøyring enn det vi har i dag. Vi har vurdert fleire scenarie; stenga ved Hatvikvegen, stenga på midten, slik Asplan Viak foreslo, eller prøve å krølla oss opp mot Finnebrotet, sa Ribe.

Ordførar Terje Søviknes (Frp) sa han hadde inntrykk av at den enklaste måten å løysa problemet var å forbetra gamlebrua.

– Her er det òg instansar å forholda seg til, som NVE, i samband med kryssing elva. Dette vil eg likevel tru blir enklare omsyn å ta enn om vi skal ha endra entré på fylkesvegen, og retta oss etter ulike krav frå Statens vegvesen.

Prosjektsjef i Os kommune, Halvor Hanevik, fekk i oppdrag å undersøka kva som skal til for å få gamlebrua sterk nok for tungtrafikk.

– I så fall vil eg heller ha ny bru enn å styrka den gamle. Dagens bru er som ein propp når elva er stor, sa Hanevik.

Full stopp inntil vidare?

Søviknes sa at det, mens vi ventar på større tiltak, i mellomtida bør gå an å finna ei løysing for trafikk og framdrift for prosjekt i Finnebrekka.

– Vi ønskjer ikkje å stoppa all utvikling i dette området, men kvar går grensa? spurde han.

Partifelle Gustav Bahus var einig.

– Vi kan ikkje innføra bygge- og deleforbod i eit sentrumsnært område som dette. Vi bør finna ein måte å kryssa elva på, og vi må koma i gang, så vi ikkje sit her med den same diskusjonen i årevis.

Søviknes spurde Nils-Anders Nøttseter (MDG), om ikkje han hadde ein «sesam-sesam-løysing» i ermet.

– Eg er einig i at vi må halda trykket oppe så vi finn ei løysing, at ikkje vi sit passive og ser på at situasjonen blir verre. Men eg synest ikkje vi skal gi løyve til nokre få, for så å setja strek ein tilfeldig plass. Det blir urettvist.

Fleire saker