Kultur | 27. apr. 2015

Vinn VIP-pass til Osfest

Ser du kven det er som har Elvis-jakken på? Då kan du vinna VIP-pass verdt 1550 kroner.

Vinn VIP-pass til Osfest
Ser du kva osing det er som poserer i Elvis-jakke? (Foto: Osfest/Picapoint)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 27. apr. 2015 12:19

Bildeserie:

Fredag blei programmet sleppt. Kjell Elvis er konferansier. (Foto: Osfest/Picapoint)
Fredag blei programmet sleppt. Kjell Elvis er konferansier. (Foto: Osfest/Picapoint)
1 av 1
Fredag blei programmet sleppt. Kjell Elvis er konferansier. (Foto: Osfest/Picapoint)

Fredag hadde Osfest frivillig-samling i forkant av kickoff med Twang Gang-konsert i Oseana.

Den same kvelden blei dei tre siste artistane lansert og programmet er no komplett.

Det blei også gjort kjent at den kjente Elvis-imitatoren Kjell Elvis (Kjell Henning Bjørnestad) skal vera konferansier under Osfest. Men det er ikkje Kjell Elvis som poserer på festivalplakaten som no blir hengt opp i og rundt Os.

– For det første trur eg Kjell Elvis kjem til å laga ei veldig fin ramme på festivalen, vi har planlagt eit morosamt opplegg for han. For det andre synest eg at ryggen til Elvis gjev ei god ramme på plakaten, seier arrangør Ole Reinert Berg-Olsen.

Konkurranse: Vinn VIP-pass

Men det er verken Elvis Presley eller Kjell Elvis som poserer i jakken på plakaten.

Mannen du så vidt ser i profil øvst på plakaten er frå Os.

Ser du kven det er? Send ditt forslag til kjetil@midtsiden.no innan onsdag 29. april klokka 12.

OPPDATERT 4. mai: Her er svaret - og vinnaren!

Dei som svarer rett er med i trekninga av eit VIP-pass til Osfest. Med VIP-pass har du fri entré begge festivaldagar, fredag 31. juli og laurdag 1. august, i tillegg til at du kan sprada rundt i VIP-teltet så ofte du vil.

Premien har ein verdi på 1550 kroner.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.