Vokale krumspring i Hvelvet
Det blir ei ekstra spesiell avslutning av utstillinga «Breakout Room» i Oseana på sundag.
På sundag er det siste opningsdag for utstillinga «Breakout Room» i Hvelvet i Oseana.
Utstillinga er det kunstnaren Linda Øgaard som står bak, og før opninga 17. april kunne Øgaard lova ei heilt spesiell visuell oppleving.
Vikarierande kurator i Oseana Kunst & kultursenter, Kamilla S. Mathisen, fortel at mellom klokka 13 og 16 på sundag vil utstillinga få besøk av vokalgruppa Tabula Rasa.
Linda Øgaards installasjonar vil då bli tolka av vokalgruppa, og vidare bli gjenstand for vokalgruppa sine vokale krumspring.
– Tabula Rasa nyttar ofte improvisasjon som arbeidsmetode, og dei ønskjer å formidla eksperimentell musikk, også til menneske som ikkje kjenner sjangeren så godt frå før. Dei utfordrar gjerne konsertformatet, tek i bruk teatralske verkemiddel og arbeider med ulike typer framvisningar.
– I «Breakout Room» har dei valt å sjå på dei ulike arbeida til Øgaard som grafiske partitur, og dei 5 songarane som er med har fokusert på kvart sitt verk. Slik de ulike verka jobbar saman i rommet, vil også songarane vera i interaksjon med kvarandre både fysisk og musikalsk.
Mathisen legg til at grunna gjeldande smittevernreglar kan det bli noko ventetid for å koma inn i Hvelvet denne dagen.