Yrkesfag er eit trygt val!
Kjære ungdommar som no skal søkje vidaregåande skule: Vel med hovud og hjarte, men sjekk kvar jobbane er!


Av Sondre Olsen, fungerande regiondirektør i NHO Vestland
Alle tiandeklassingar i Vestland står denne veka framfor eit viktig val: Kva linje og kva vidaregåande skule skal dei velje? Søknadsfristen for vidaregåande er 1. mars, og moglegheitene er mange.
Mitt viktigaste råd? Før du bestemmer deg, sjekk kva arbeidslivet treng!
Nyleg kom det ferske tal frå NHOs kompetansebarometer, ei årleg undersøking om kva slags kompetanse bedriftene treng.
- Heile 63 prosent av bedriftene i Vestland slit med å få tak i nok folk med rett kompetanse.
- Særleg er behovet stort innanfor ingeniør- og tekniske fag, handverksfag og IKT.
- Men det tydelegaste signalet er dette: 56 prosent av bedriftene i Vestland oppgir at dei har stort behov for folk med fag- og yrkesopplæring frå vidaregåande.
Vel du yrkesfagleg utdanning, har du mellom anna gode moglegheiter til å få jobb i bedrifter i industrien, bygg og anlegg, og overnatting og servering.
Du kan òg tene pengar i læretida – og med det unngå studielån.
NHO-bedriftene mangla over 23.000 tilsette i 2025, og etterspurnaden etter fag- og yrkeskompetanse er stor.
Difor ønskjer vi at fleire skal velje – og fullføre – yrkesfag.
Det krev ikkje berre at fleire unge ser moglegheitene yrkesfag gir. Det må òg takast nokre grep av dei som bestemmer i utdanningssektoren:
- Fleire læreplassar og tettare samarbeid mellom skule og arbeidsliv
- God og oppdatert utdannings- og yrkesrettleiing som viser reelle jobbmoglegheiter lokalt
- Meir praktisk retta undervisning i grunnskulen, i fleire fag
Heldigvis er yrkesfagleg utdanning populær mange stader.
I Nordhordland er den såkalla TAF-ordninga så ettertrakta at det krevst høgt snitt for å kome inn. TAF (tekniske og allmenne fag) inneber at ein får både fagbrev og studiekompetanse – og løn undervegs.
I fjor hadde heile 54 prosent av søkjarane til vidaregåande opplæring i Noreg valt eit yrkesfagleg utdanningsprogram som førsteønske. I Vestland var talet 60 prosent.
Det er den høgaste andelen som nokon gong er målt.
Dette stadfestar ein sterk trend: Yrkesfag aukar i popularitet.
No kryssar vi fingrane for at denne trenden held fram. Utdanningsvalet er personleg, og det finst ikkje eitt rett svar for alle.
Men frå bedriftene i Vestland er bodskapen tydeleg: Skal vi klare å utvikle næringsliv og tenester i heile fylket, treng vi fleire som vel yrkesfag!





