Politi | 14. sep. 2021

1,5 kilometer med oljesøl

Vegtrafikksentralen jobba frå Esso til Moberg i to timar.

1,5 kilometer med oljesøl
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 14. sep. 2021 06:54

Klokka 20.57 måndag kveld fekk politiet melding om oljesøl ved Esso og opp Mobergsbakken.

Vegrafikksentralen blei varsla og kom for å rydda køyrebanen.

– Det var snakk om store mengder olje, og mannskapen vår var på staden for å skilta og strø fram til klokka 23.40, seier vakthavande ved VTS.

Oljesølet gjekk frå Esso til forbi rundkøyringa ved brannstasjonoen og Kiwi Moberg.

Årsaka er ukjent, men det kan sjå ut som om det starta ved eit lokk på Esso.

– Det har nok vore ein låg bil som har tatt nedi, seier ein tipsar som sendte bilde til Midtsiden måndag kveld.

Verken politiet eller VTS kjenner til kor langt bilen køyrde før den stoppa.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.