Politi | 14. sep. 2021

Elsykkel stolen ved Amfisenteret

Ein gut saknar sykkelen sin etter ein handletur på AMFI Os.

Elsykkel stolen ved Amfisenteret
AMFI Os. (Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 14. sep. 2021 06:12

Måndag klokka 15.10 fekk politiet melding om tjuveri av ein elsykkel.

Eigar, ein ung gut, hadde vore på senteret nokre timar då han oppdaga at sykkelen var vekke.

– Vaktmeisteren tok personalia på eigar og nokre ungdomar som var på senteret på den tida, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.

Han har også sett gjennom videomateriale. Sykkelen er ikkje funnen og det er foreløpig ingen mistenkte.

Oppdatert: Sykkelen er av merket «E-Wheels E25 V2», svart med noko raudt nedst på gaffel.

– Vi ønskjer tips om nokon finn den eller veit kvar den er, seier Lyssand.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.