Mats Hjelle, Bjarne Øvredal og Gaute Dyrdal. Laurdag er det markering på Haugland og opne båtar i Os hamn, søndag er det fjelltur til Botnahytta. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

75 år sidan naudlandinga: Sånn blir jubileet markert i Os

Over 50 kanadiarar, og son og dotter av Shetlands-Larsen, er blant gjestane. Delar av markeringa er òg open for publikum.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

I førre veke, torsdag 26. september, var det 75 år sidan naudlandinga på Haugland.

Alle dei seks kanadiarane om bord, Harvey Firestone, Ken Graha, George Grandy, George Deeth, Gordon Biddle og Maurice Neil, overlevde. Dei kom seg etterkvart via Shetland til England. Men heltemodig innsats av ei rekkje lokale motstandsfolk, i fleire veke, måtte til for at ikkje tyskarane skulle finna dei.

• Les òg: Fluktruta og dei involverte - ei detaljert skildring

Til helga skal jubileet markerast i Os i tre dagar.

Os Sogelag er initiativtakar, og fekk raskt med seg Os kommune med både pengestøtte og i rolla som vertsskap. Førre markering var i 2004, 60 år etter naudlandinga. 

Fredag er sett av til besøkande frå Canada, då skal dei oppleva delar av fluktruta på nytt, til fots og med MS Midthordland. Laurdag kveld skal dei, saman med inviterte gjestar, ha jubileumsmiddag i Oseana Kafé og Restaurant.

– Dagens sjef for den canadiske 407-skvadronen, den same skvadronen som naudlanda i 1944, er blant gjestane. Det same er son og dotter til Leif Andreas Larsen, «Shetlands-Larsen» (1906-1990), Atle Sangolt og Astrid Larsen, fortel Mats Hjelle, Bjarne Øvredal og Gaute Dyrdal frå Os Sogelag.

Hjelle og Øvredal er søner av motstandsfolk som var sentrale i flukta til dei seks kanadiarane. Haldor Øvredal var med i både Milorg og Saborg under krigen, Jakob Hjelle var sjef for Milorg Aust om elvo. Gaute Dyrdal har 40 år bak seg i Luftforsvaret.

– Vi har òg invitert familiemedlemmar av lokale hjelparar og motstandsfolk både i Os og andre involverte kommunar. Nokre av dei bur andre stadar no, som Askøy og Møre. Fleire har vore veldig takksame for invitasjonen, nokre av dei seier dei sjeldan eller aldri har blitt inviterte til markeringar.

Laurdag og søndag er det lagt til rette for publikum.

Laurdag formiddag med markering ved merkesteinen på Baggane på Haugland og «Snøgg» og KNM «Hitra» med open båt i Os hamn.

Søndag er det tur frå både Øvredalen og Rolvsvåg til Botnahytta og «Little Canada». Fullt program ligg under aktuelt på oskommune.no.

Mange av dei utanlandske gjestane har ankomst i dag.

– Vi prøvde å få felles innkvartering i Os, men hotella hadde ikkje plass til ei så stor gruppe. Dei har ordna seg med overnatting og leigebil sjølv.

• Les òg: Etterkomarar besøkte Botnahytta (70 år etter naudlandinga)

Os Sogelag, Os kommune, Os Turlag og Samnanger Turlag er involverte - i tillegg har Os Rotary Klubb og Oselvarlaget engasjert seg i oppussing av fluktbåten «Snøgg».

Fleire saker