Politi | 02. apr. 2023

9.700 i forelegg til førar av lett mc

Uhell på Halhjem, trafikkontroll på Skeie og i Lepsøykrysset.

9.700 i forelegg til førar av lett mc
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 02. apr. 2023 06:38

Laurdag formiddag rundt klokka 10.50 var to bilar involvert i eit uhell på Halhjem.

– Det var til saman fem personar i bilane, ingen av dei blei skadd, opplyste politiet va Twitter.

Minst éin av bilane måtte begast.

I 22-tida hadde politiet fartskontroll på Skeisflaten.

– Det blei skrive fornkla forelegg på 5.400 kroner til ein som køyrde i 61 km/t i 50-sona, opplyser vakthavande ved Bjørnafjorden politistasjon.

Ein time seinare sto dei ved krysset mellom Halhjemsvegen og Lepsøyvegen.

Det var det ein lett MC som ikkje stoppa før stoppskilt. Vedkomande fekk eit forlegg på 9.700 kroner.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.