Litteratur og historie | 05. apr. 2026

Å vandra i ansjos

Alle har sine minne frå skulen, ein del med minne frå båe sider av kateteret.

Å vandra i ansjos
Arnfinn Haga jobba som lærar før han blei fulltidsforfattar. Denne våren ser han tilbake på morosame minne frå både tida som elev og lærar. Foto: Kjetil Vasby Bruarøy / Midtsiden
Lesarinnlegg
Lesarinnleggsundag 05. apr. 2026 08:08

Av Arnfinn Haga:

Me har alltid lært at folk vert påverka av landskapet dei bur i. Det var nok dette ein elev tenkte på då han skreiv i ein stil:

«Landet var lågt og vindfullt, og slik var folket som budde der.»

I ei kjend salme står det: «…hans fylgjesvein å vera og vandra i hans ljos.» Det var fleire som song «å vandra i ansjos».

På realskulen, i ein klasse underskrivne gjekk i, spurde biologi-læraren om nokon kunne nemna namn på ein slange eller to. Ein på bakarste benk reagerte kjapt og nemnde to slags hageslangar.

«Nå må dere ikke tulle,» sa læraren. Han var alltid alvorleg i oppsynet og prøvde å halda på maska, men så måtte han gje seg over, han òg.

Albert Kolltveit var den fyrste rektoren på Os gymnas. Han fortalde om ein gong han verkeleg skjøna kor snart åra går. I ein ny klasse sa ei jente namnet sitt. - Då er du dotter til Aslaug, for mor di hadde eg som elev, sa Kolltveit. - Nei, svara jenta, Aslaug er bestemor mi.

Den tid eg var tilsett ved Os gymnas, skreiv ein attenåring i ein stil at han budde på hybel og tok toget heim kvar helg. Han kunne ikkje heilt skjøna at medpassasjerane etter kvart flytta seg til andre sete. Sjølv sat han og åt på gamalost, rakaure og kvitløk.

Forresten tykte eg at det å lesa stilar alltid var interessant. Du vart kjend med elevane på ein annan måte enn elles, ikkje minst fordi mangt kunne lesast mellom linjene.

Under krigen hadde ein gut gjort noko fantaskap mot tyskarane, visstnok ikkje heilt lite heller. Dei spora opp syndaren. Ein morsk soldat som hadde lært seg nokre norske gloser, troppa opp på skulen og ville ha greie på kven far hans var. Guten nemnde då ein aldrande ungkar som budde åleine i ein småskog eit godt stykke frå heimen hans.

Då soldaten hadde streva seg fram til ungkaren og lirt av seg om rakkarskapen, skjøna ungkaren straks samanhengen.

Han hadde ikkje peiling på kven guten var, men heldt seg alvorleg og lova å snakka «sonen» så pass til rette at han aldri ville finna på slikt meir.

– Diesmal wird alles gut gehen (det får greia seg for denne gongen), konkluderte soldaten.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?