Arnfinn Haga fyller 90 år i dag
Prisvinnande forfattar med «uvurderleg innsikt». No ser han tilbake på høgdepunkta.


Arnfinn Haga er fødd (i 1936) og oppvaksen i Sagvåg, utdanna lektor med norsk hovudfag og underviste på Os gymnas i ni år før han i 1975, eitt år etter forfattardebuten, slutta for å skriva på heiltid.
Dei aller fleste bøkene fortel om den underjordiske, militære motstanden den gongen Norge var okkupert, åra 1940 til 1945.
– Eg har òg skrive om båttrafikken frå Shetland på norskekysten, om den norske Catalina-skvadronen med base i Skottland, om Alta bataljon i 1940 og om kampane i Valdres i 1940.
Vidare har han skrive om dei norske såkalla commandos og deira innsats på utefronten og om deira deltaking i raidet mot Stordø Kisgruber.
– I sistnemnde tilfelle deltok også skotske commandos, fortel Haga.
Dei siste ti åra har han bidrege til Midtsiden med både utdrag frå bøkene sine og hyllest av eldre, lokale fotballheltar.
Les fleire av desse blant relaterte saker under.
Hans faste forlag sidan 1978 har vore Cappelen/Cappelen Damm.
Alle okkupasjonsbøkene hans på Cappelen/Cappelen Damm er no komne ut også som lydbøker.
I fleire omgangar har nokre av bøkene lagt høgt på lytte-listene.
For arbeidet har Haga motteke Kongens fortjenstmedalje i gull, Forsvarsmedaljen med laurbærgrein og Stiftelsen Espeland fangeleirs pris.
Når det gjeld sistnemnde pris, heiter det mellom anna i grunngjevinga:
«Hagas mange bøker vil for all fremtid bety mye for historieformidling om Andre verdenskrig. Når nye generasjoner viser nysgjerrighet for hva som skjedde, vil Hagas forfatterskap være en av de sentrale kildene.»
– I bøkene har eg særleg lagt vekt på å skildra innsatsen som elles ukjende personar stod for (både kvinner og menn), folk som lite og ikkje snakka om aktiviteten etterpå, men som bak seg hadde eit livsfarleg spel som ikkje burde gå i gløymeboka.
Bøkene skulle elles visa at samla sett var det innbyggjarane på norskekysten som fekk den mest direkte føling med krigen.
– Det var ikkje Oslo, som mange synest tru.
I 66 år var han gift med Sølvi f. Kvalheim frå Måløy. Ho døydde for eitt år sidan.
– Etter oss har me tre born, ni barneborn og eitt oldebarn.
– Sølvi og eg hadde ein ting «sams»: Ho opplevde Måløy-raidet tredje dag jul 1941, og eg det nemnde raidet mot kisgruvene på Stord, det var i januar 1943.
I Os har me Osøren Jazzensemble med dugande musikarar. Ensemblet fyller 50 år i år.
– Eg er einaste æresmedlem. Det var med ei blanding av glede og sjokk eg totalt uventa vart overrekt medaljen. Grunnen var artiklar eg i si tid skreiv om bandet.
– Eg spelar ikkje sjølv, noko som har vore eit lite sakn i livet, men dagen vert alltid lysare når eg lyder på tradjazz og gladjazz.
Han har snakka med mange frå okkupasjonsdagane i arbeidet sitt.
– Ein av dei som gjorde størst inntrykk på meg, var osingen Jakob Hjelle.
– Me vart gode vener, og var samde om at omgrep som solidaritet og lojalitet stod høgt på lista over plussord, seier 90-åringen.















