Kultur | 24. apr. 2023

Alfred Lunde til minne: Duka for avduking

Alfred si enke, Anne Lunde, kjem frå Houston til Os for å delta på seremonien.

Alfred Lunde til minne: Duka for avduking
Sokkelen blei løfta på plass torsdag 20. april, laurdag 29. er det avduking. (Foto: Privat/Anders Lekven)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 24. apr. 2023 13:46

«Alfred sine visjonar strakk seg frå Bjørnafjorden mot stjernene – og hans minnesmerke skal bidra til å opplyse og inspirere framtidige generasjoner» står det i programmheftet som er laga til avdukinga på Lunde førstekomande laurdag.

Alle er velkomne til å delta på seremonien i Torkjelsvegen 90, rett innanfor Lunde barneskule, klokka 13 laurdag.

– Skuleplassen blir opna for parkering, men folk må gjerne koma med buss, sykkel eller spasera til Lunde denne dagen, seier initiativtakar og nevø av NASA-helten, Anders Lekven.

Minnesmerket er forma av Vidar Bratlund Mæland.

Blant dei som kjem for å delta på avdukinga er Alfred si enke, Anne Lunde

– Anne bur framleis i ekteparet sin bustad i Houston. Ho reiser saman med broren sin frå Texas til Os, og skal stå for sjølve avdukinga saman med ordførar Trine Lindborg, fortel Lekven.

– Eg trur ikkje ho har vore i Os sidan tidleg på 1990-talet. Det blir kjekt å sjå ho igjen, og sikkert fint for Anne å vera tilbake i Os og få med seg denne hyllesta.

Sjølv har han skrive prologen «Affen», som blir lese under seremonien.

Utdrag, halve vers fem av ni av «Affen»: Apollo tretten vart sikra og du var no blant dei største, Fridomsmedaljen frå Presidenten kunne du stolt festa på brystet.

– Alle er også velkomne i Oseana søndag klokka 15.

Då skal Lekven halda ein presentasjon av Alfred Lunde sit liv og virke, ei utvida utgåve av det han presenterte for senioruniversitetet i vinter.

– Vi har også fått fleire støttespelarar og sponsorar, om lag 70 prosent av dei relle kostnadane er dekt inn, fortel Lekven.

– Det er ikkje mange av bedriftseigarane i bygda som er gamle nok til å hugsa romkappløpet og heltestatusen til Alfred, men eg merker at det er stadig fleire som har fått med seg dei unike bragdene hans. Eg håper minnesmerket og merksemda kan opplysa og inspirera yngre generasjonar.

Kor, korps og flyklubb (!) stiller opp under seremonien laurdag.

Program - laurdag frå klokka 13

  • Velkomsthelsing ved nevø Anders Lekven.
  • «Ja, vi elsker dette landet»: Alle syng første og dei to siste versa saman med Os Mannskor og Søre Neset Musikklag (som vi kan gratulere med sitt 70-årsjubileum)
  • Ordførar Trine Lindborg held tale for dagen og avdukar minnesmerket saman med enka Anne Lunde
  • Søre Neset Musikklag spelar fanfare etter avdukinga. •Anne Lunde framfører ei helsing frå USA og NASA. •Os mannskor syng «Os songen» (vers 1, 5 og 7)
  • Søre Neset Musikklag spelar «Ut mot havet»
  • Skulptør Vidar Bratlund Mæland presenterer minnesmerket
  • Anders les prologen: «Affen»
  • Os mannskor syng: «Norges fjell»
  • Søre Neset Musikklag spelar «Båstadlundguttenes marsj»
  • Os Aeroklubb gjennomfører ei overflyging av minnesmerket og Apollo Hill
  • Søre Neset Musikklag marsjerer mot Lunde barneskule til gode tonar
  • Familie og gjester deltar i minnestund i Lunde Barneskule

I programheftet er Alfred Lunde si historie ramsa opp på denne måten:

Alfred vart født på Lunde i Os 19. november 1942. Han reiste som 15-åring til sin onkel Albert i Texas - USA. Der fekk han utdanna seg til romfartsingeniør, og fekk i 1966 jobb ved den amerikanske romfartsorganisasjonen NASA.

Han er mest kjent for sitt arbeid med Apollo-programmet, romfergeprogrammet, romstasjonen Skylab og romtelesko- pet Hubble.

Lunde mottok den amerikanske presidentens fridomsmedalje for sitt arbeid med å redda astronautane frå den skadde romkapselen til Apollo 13.

Han har i tillegg mottatt fleire heidersbevis for sitt bidrag til både det europeiske og sovjetiske romfartsarbeidet. Hans meritter er oppsummert i Os-soga.

Osingen vart i Norge kjent gjennom si formidling av romfart både i TV, radio, aviser og vekeblad. Han gav også ut tre bøker om romfart. Han inspirerte mange både i heimbygda Os og resten av Norge.

Alfred gjekk dessverre bort så altfor tidleg - 9. mai 1996 - berre 53 år gamal.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.