«Den redde guten»
Forfattar og medaljemottakar Arnfinn Haga har skrive dikt om kong Harald.

Forfattar Arnfinn Haga (90), som i 2003 fekk kongens fortensmedalje i gull, har opplevd fire kongar.
Han heidrar kong Harald med dette diktet:
Den redde guten
Turen gjekk over Petsamo
med mor og systrer
i nitten førti
i faret til Leiv Eiriksson.
Sjøen gjekk tung.
Lyden frå fly
brumma om babord.

Heim att med «Norfolk»
og bestefar
med «Devonshire» som eskorte.
«Devonshire», som frå Tromsø
berga far og bestefar
i nitten førti.
Haakon sa nei
på Elverum
til mørke makter
slik som Olav
i London.
Sytten år
då mor gjekk over Jordan.
Ni års vandring i skuggen
før ljoset fall
på Sonja.
Då steig sol
over fjell og finne
og kongedømet.
Ein livredd ungdom
då Olav fór.
Men då var Sonja
ved sida.
Den redde guten
vann kvart hjarta
med si lune ferd.
Han vart konge for oss alle.
Folkekongen.
Arnfinn Haga






