
Riksrevisjonen har i sin ferske rapport slått fast at vi vil mangla om lag 42.400 årsverk innan helse – og omsorg.
Tala frå Riksrevisjonen er alvorlege. Allereie i dag manglar sektoren over 9000 tilsette. Presset vi auka aller mest i den kommunale omsorgstenesta.
Konsekvensane vert dramatiske, særs i distriktskommunane, kor arbeidsstyrken krympar samstundes som tal på eldre aukar.
Rapporten peikar òg på eit anna viktig funn: Tal årsverk utført av ufaglærte har auka monaleg, særleg i heimetenesta og på institusjonar.
Samstundes har helsefagarbeidarar det høgaste sjukefråværet (10.3 %) og blant dei lågaste gjennomsnittlege stillingsprosentane (78%) i sektoren.
Regjeringa har lagt fram sin Helsepersonellplan med over 150 tiltak. Men i staden for meir byråkrati, nye utval og statlege styringsgrupper, treng vi ein kraftig kursendring.
FrP har konkrete grep.
1. Statleg finansiering av eldreomsorga
Riksrevisjonen viser at den største veksten i behovet for helsepersonell kjem i dei kommunale omsorgstenestene (ein auke på 48 % fram mot 2024), og at mindre sentrale kommunar risikerer å ikkje kunna oppretthalda lovpålagte tenester.
I dag er dårleg kommuneøkonomi den største trusselen mot ei verdig eldreomsorg.
FrP vil overføra ansvaret for finansieringa av eldreomsorga til staten.
Når pengane følger brukaren, uavhengig av kommunens økonomi, sikrar vi at også distriktskommunane har råd til å tilsetja nok fagfolk og tilby konkurransedyktige vilkår.
2. Slepp alle gode krefter til
Rapporten viser at det allereie er stor mangel på arbeidskraft, samtidig som vi trenger raskare innføring av teknologi og betre organisering.
FrP meiner det offentlege ikkje kan løyse dette aleine.
Ved å likestilla offentlege, ideelle og private aktørar gjennom fritt brukervalg, skaper vi fleire arbeidsgjevarar og sunn konkurranse om arbeidskrafta.
Private aktørar har ofte vist seg langt raskare til å ta i bruk ny velferdsteknologi og smarte turnusløysningar som avlastar dei tilsette.
3. Kutt i byråkrati og tidstjuvar – la fagfolk væra fagfolk
Riksrevisjonen peikar på at heile 28 prosent av årsverka i spesialisthelsetenesta går til administrasjon og service, og at tidlegare teknologiske framsteg i liten grad har blitt brukt til å redusere arbeidskraftbehovet.
FrP vil ha ei massiv avbyråkratisering av helsesektoren.
Vi må fjerna unødvendige rapporteringskrav og skjemavelde, og heller satse tungt på arbeidssparande helseteknologi og kunstig intelligens.
Samtidig må vi ha en tydelegare oppgåvedeling: La ufaglærte og servicepersonell ta seg av praktiske oppgåver som matlaging, reinhald og logistikk, slik at sjukepleiarar og helsefagarbeidarar får bruke tida sin på pasientane.
4. Gjer det meir lønnsamt å jobba meir og stå lengre i jobb
Vi må jobba meir med å forma gode turnusar. Med fokus på dei ulike livsfasane. Skal vi snu trenden og få ned det høge sjukefråværet, må yrka innan helse òg bli meir attraktive.
Sjukefråvær må ha fokus heile tida.
Korleis en varetar den sjukemeldte, både i form av tilrettelegging og empati, er særs viktig. Gode leiarar er sjølve essensen i personalpolitikken på arbeidsstaden. Og, ikkje minst, ha gode ordningar med fokus på å behalda tilsette.
FrP vil gjere det meir lønnsamt å arbeide heiltid, blant anna gjennom skattelette for vanlege arbeidsfolk og betre insentiv for seniorar som ønskjer å stå lengre i jobb.
I tillegg må vi auka kapasiteten i utdanningsinstitusjonane. Her må og kommunane sjå på ordningar der ufaglærte får kompensasjon til utdanninga si frå kommunen mot ei viss bindingstid når ein er ferdig.
Riksrevisjonens rapport er ein vekkjar.
Vi kan ikkje møte ein mangel på 42.400 årsverk med berre fleire statlege handlingsplanar.
Kvar kommune må setja seg ved roret å staka ut vår eigen aktive plan for at lyset for bemanning i eldreomsorga vil lysa grønt.
Ved å fjerna byråkrati, la staten ta rekninga for eldreomsorga, og sleppe private og ideelle aktørar samt frivillige til, kan vi sikra både verdigheit for pasientane og deira pårørande, samt gje ein betre arbeidskvardag for våre gode tilsette i eldreomsorga.
Laila Reiertsen
Stortingsrepresentant, FrP
Medlem av Arbeids- og sosialkomiteen





