Rettferd for rus- og psykiatripasientane
Debatt: Tenk å endeleg få hjelp, og så skal det koste deg økonomien din.

Visste du at i dag er det sånn at pasientar under langtidsbehandling for rus- eller psykiatri, får kutta trygda med opp til 86 prosent etter 3 månader?
Dette gjeld ikkje fysisk sjuke pasientar, kun dei som slit med rus, og/eller psykiatri.
I Fremskrittspartiet meiner vi dette er djupt urettferdig, og øydeleggjande for sjølve behandlinga. Tenk å endeleg få hjelp, og så skal det koste deg økonomien din.
For mange som ikkje klarer å bære de løypande utgiftene, ender det med at dei skriv seg ut lenge før anbefalt. I verste fall er heile opphaldet bortkasta, og for nokon går det riktig ille.
FrP har derfor fremma forslag om likebehandling av desse gruppene. Vi meiner at ingen skal bli kutta i trygda under behandlinga dei trenger, og alle skal kunne konsentrere seg fullt og heilt om å bli friske.
Saka skal behandlast i stortinget på torsdag.
Det står ikkje berre om pengar, men også om liv. I tillegg til dei openbare helserisikoane viser fleire studiar stor risiko for sjølvmord for dei som slit psykisk, og/eller med rus.
40 prosent av nye pasientar innan psykiatri oppgjeve økonomi som eit problem, og at 22 prosent av befolkninga nå opplever at det er vanskeleg å få pengane til å strekka til.
Pasientane under langtidsbehandling er særdeles sårbare menneske, som har klart å reise seg for å ta imot hjelp i en vanskeleg situasjon. Mange slit med traume, og dårleg økonomi frå tidlegare.
Grunninga for kutta er for øvrig at ein får kost og losji under døgnbehandlinga.
Det gjer jo fysisk sjuke også, så det er vanskeleg å forstå kvifor det skal forklara forskjellsbehandlinga.
Dessutan veit alle vaksne menneske at ein har en rekke løypande utgifter, som går sjølv om ein er heimanfrå nokre veker eller månader.
Eg håpar resten av stortinget vil stå opp for våre mest sårbare pasientgrupper, og fjerne denne uretten ein gong for alle.
Vi har ikkje råd til å sabotera hjelpa som vert gitt, og vi vil ikkje mista fleire.
Laila Reiertsen
Stortingsrepresentant FrP
Arbeid – og Sosial komiteen




