Eldreomsorg – kva kan eg forventa av kommunen?
DEBATT: Fem spørsmål til ordføraren.

Kva kan eg forventa av kommunen?
Eg trudde eg skulle få svar på spørsmålet då eg gjekk på folkemøte i Oseana 22. oktober. Men nei – det fekk eg ikkje. Derfor prøver eg meg med eit ope brev til ordføraren i staden.
Det var eit godt gjennomført møte, og mykje god informasjon om støtte til å tilpassa heimen til alderdomen, omsorgsbustader som skal byggast, digitale helsetenester, kva frivilligheita kan bidra med osv. For ikkje å snakka om dei spreke fysioterapeutane, som fekk oss opp av stolane!
Mange flinke folk – mange gode prosjekt.
Men hovudbodskapen eg sat igjen med, var at vi må selja einebustaden vår og flytta i ei sentral leiligheit, slik at det blir lettare å hjelpa oss når vi blir gamle – jo før desto betre.
Dette er ein bodskap som vi har høyrt nokre gongar, både frå ordføraren, kommunedirektøren og leiinga innan Helse.
Alle må ha gått på det same kurset – det som har tittelen: «Korleis skru ned forventningane til kva kommunen kan gjera for deg når du blir gamal».
Det er utan tvil ein viktig bodskap – vi må planlegga for alderdomen. Eg trur vi har fått det med oss no!
Når krava til oss frå kommunen er så tydelege, er mine krav til kommunen lika tydelege: Kva kan vi forventa at kommunen leverer?
Då held det ikkje med generelle utsegner som at kommunen skal levera gode tenester, slik at alle eldre skal kunne leva eit trygt og godt liv.
Eg vil ha konkrete svar på konkrete spørsmål.
Her er nokre av spørsmåla:
Spørsmål 1 – kapasiteten på sjukeheimane
Det verkar underleg på meg at ein i møte med eldrebølga vel å stenga avdelingar på Luranetunet, og redusere talet på sjukeheimsplassar. Kan det vera at ein er for rask med å innkassera gevinstar frå innføring av innsatstrappa? For å halda meg til trappemetaforen: bør ein ikkje heller trappa opp enn å trappa ned talet på sjukeheimsplassar?
Eit oppfølgingsspørsmål her:
Eg reknar med at det tar 10-15 år frå ein bestemmer seg for å utvida Luranetunet til sjukeheimsplassane står klare. Er det ikkje noko kommunen burde begynna å tenka på allereie no?
Spørsmål 2 – kapasiteten i heimetenestene
Dersom fleire skal bu heime lengre, stiller det krav til bemanninga lenger nede i innsatstrappa. Kva planar har ein for å styrka heimetenestene, slik at ein kan møta det auka behovet på heimebane?
Spørsmål 3 – kvaliteten på tenestene
Eldreomsorga handlar ikkje berre om talet på senger og talet på hender. Det handlar og om kvalitet. Mitt spørsmål er: Korleis måler ein kvaliteten i dag? Dersom den blir målt – er kvaliteten god nok?
Mykje kan sjå bra ut når ein sit på toppen og ser nedover i ein organisasjon. Men korleis ser det ut dersom ein ser tenestene frå brukarane og dei pårørande sin ståstad? Korleis sikrar leiinga at dei får eit mest mogeleg realistisk bilete av stoda på «golvet»?
Spørsmål 4 – rett kompetanse på rett plass
Dette spørsmålet heng saman med det førre. Ikkje berre må det vera nok hender – dei må og vera kopla til det rette hovudet. Korleis arbeider ein med rekruttering for å sikra at ein har god kompetanse på sjukeheimane og i heimetenestene?
Er det rett at det å skaffa folk er ei større utfordring enn trong økonomi? Kor mange stillingar står ubemanna innan Helse fordi ein ikkje greier å skaffa folk
Spørsmål 5 – talet på omsorgsbustader
Det er bra at det skal byggast omsorgsbustader. Ordføraren sa at det vil vera behov for ca. 100 nye omsorgsbustader kvart år fram til 2040! Så langt er det planlagt 50 nye på Osøyro og 20 i Eikelandsosen som skal vera ferdige i 2030.
Men kva med gapet mellom behovet og det som er planlagt? Er det ein plan for å dekka gapet?
Det kunne sikkert vore stilt betre og meir relevante spørsmål enn dei eg kjem på. Dersom ordføraren vel å svara, er det ingen ting i vegen for at han fortel meir enn eg har kome på å spørja om!
Det var veldig godt oppmøte på folkemøtet 22. oktober, noko som eg tolkar som eit stort engasjement omkring temaet eldreomsorg.
Eg synest det er rart at ikkje kommuneleiinga nytta sjansen til å gje oss ei oppdatering på kva som er stoda i dag når det gjeld omsorgstenestene. Og då snakkar eg om eit usminka bilete, som òg handlar om køar, dagbøter for utskrivingsklare pasientar osv.
Dersom ein skal sei noko om framtida, må ein starta med å sei kva som er situasjonen i dag.
Så kan ein med det som utgangspunkt sei noko om kva målsettingar og ambisjonar ein har for framtida.
Forstå meg rett: Eg har full respekt for alle som kjempar kvar dag for å løysa dei mange oppgåvene innan Helse innanfor tronge budsjettrammer. Og eg er sikker på at ordføraren og kommuneleiinga gjer ein kjempejobb med å få økonomien på rett kjøl, slik at ein har styringsfart framover.
Eg etterlyser berre eit klarare bilete av kva som er stoda og utfordringane innan Helse i dag, og kva som møter oss om nokre år – når vi er blitt gamle.
Til de som sat i salen på Oseana har eg ei oppmoding: La oss stilla krav til helse- og omsorgstenestene mens vi enno er friske og oppegåande. Den dagen vi blir sjuke og pleietrengande og må be om hjelp, er det kanskje ikkje lika lett å samstundes stilla krav.
Alle har ikkje pårørande som kan kjempa deira sak.
Og det er kanskje ikkje så lett for dei som arbeider innan Helse å sei frå når avstanden mellom behova og det dei kan tilby blir for stor.
Magne Brekke – snart gamal





