
Denne veka har vi hatt ein interpellasjon i Stortinget fremma av Julia B. Nordtug (FrP) som omhandlar at gjeld og økonomiske vanskar kan prega folks liv heilt til det sjukelege.
Vi veit at Nav har ei plikt til å hjelpe. Dette står på Nav sine sider:
«Alle kan få opplysning, råd og veiledning i en veiledningssamtale på Nav-kontoret. Du trenger ikke allerede å være i en vanskelig situasjon for å få en samtale. Du trenger heller ikke å ha rett på pengestøtter fra Nav for å be om en samtale. Vi tilbyr deg veiledning ut fra de behovene du har, og hjelper deg med å forebygge, planlegge eller endre din situasjon.»
Det ein ser er at det er store forskjellar i dei ulike kommunane på korleis ein kan levera denne tenesta, og at systema framleis ikkje snakkar saman, noko også statsråden har inrømt i sitt innlegg.

Her er delar av mitt innlegg i debatten:
Dessverre er det sånn at gjeldsproblema kan føra til høgt sjukefråvær og i verste fall sjølvmord om en ikkje får hjelp i tide.
Så kva kan samfunnet gjera for å førebyggja. Vi må starta med skulen og opplæring i økonomi.
Vi les stadig om ungdom som nettopp etterlyser meir fokus på privatøkonomien. Ikkje alle har nokon i heimen som lærer vidare kva som trengs av kunnskap om dette. I ein Pisa-rapport frå 2022 viser at elever har et betydeleg lågare gjennomsnittsresultat på testar angåande personleg økonomi i forhold til andre OECD land.
Så til vaksenlivet!
Det er fort gjort å få utfordringar i høve økonomi. I TV2 i førre veke kan vi lesa om Anne og sonen Thomas, der ingen forstod kvifor han valgte vegen ut av livet. Men dei fann uopna brev frå namsfogden. Dei pårørande forstod at dette kunne vera ei av årsakene.
Brevet kunne opplevast som ein trussel, og kunne vera eit bevis på det å mislykkast.
Ei undersøking frå Lunds universitet i Sverige viser at kvar femte person med gjeldsproblem har prøvd å ta sitt eige liv. Tala er nok ganske like i vårt land, dessverre.
I dette tilfellet var ikkje Thomas sjukemeldt, men andre i hans situasjon kunne lett også ha blitt det.
Fleire etterlyser korleis breva frå innkrevingsbyrå og namsfogden vert stila. Står det noko om at det er hjelp å få?
Eg ser det vert jobba med språk og anna informasjon som kan gjere det enklare å få oversikt. Men det er enno ein god veg å gå. Dei færraste veit ikkje kva inkassoregisteret og gjeldsregisteret er. Langt frå alle har fått denne kunnskapen tidlegare i livet.
Det viser seg òg at det kan gå tre til sju månader for møte med gjeldsrådgjevarar hos Nav.
På den tida kan mykje skje, og det kan gå verkeleg galt. Her må det ei endring til. Eg håpar at den kommunen du bur i har kortare ventetid enn dette.
Det er så mange fleire instansar som må samarbeide om dette viktige temaet, det vera seg utdanning, helse og justis.
Og, ikkje minst, menneske som bryr seg, og at openheit rundt dette må få meir plass.
Markeringa av verdensdagen for psykisk helse har vi nettopp markert.
I tillegg til å streva med sjukdom, må ein også ta inn over seg at det som skjer rundt eit menneske som eksempel gjeldsutfordringar er risikofaktorar som gjer at livet vert vanskeleg.
Utryggleiken for seg sjølv og sine nære går på helsa laus om ikkje noko vert gjort. Difor vert tenesta frå Nav svært viktig.
Vi som samfunn må gjera alt vi kan for å få ned sjukefråvær og få ned sjølvmordtala.
Laila Reiertsen
Medlem av Arbeids-og sosial komiteen
Stortinget for FrP





